Hopp til innhold

Her padlar Karoline (26) gjennom skogen på Voss

Då det flauma over på Voss, lét ikkje Karoline Fosse (26) sjansen gå frå seg. Saman med kjærasten henta ho surfebrettet sitt og padla seg ein tur.

SJÅ VIDEO: Her padlar Karoline Fosse (26) og kjærasten seg gjennom skogen ved Vangsvatnet på Voss.

– Det var heilt sprøtt, seier den unge surfaren om den spesielle opplevinga.

Store nedbørsmengder på onsdag og torsdag gjorde at Vangsvatnet på Voss fløymde over.

Fosse fortel at ho og kjærasten vakna på morgonen og såg ut av vindauget. Då var vasstanden var uvanleg høg.

Dei køyrde ned til campingplassen og parkområdet som ligg nær vatnet.

Her var det heilt oversumt. Dei bestemde seg raskt for å køyre heim for å hente våtdrakt og brett. Så la dei i veg.

– Det var veldig artig å padle i ein skog der det faktisk går ein veg eg pleier å gå tur.

Karoline Fosse padlar.

UTELIV: Karoline Fosse har stor interesse for friluftsliv og postar mykje på sosiale medium frå turane sine.

Foto: Karoline Fosse / PRIVAT

Ikkje heilt uvanleg

Flaum er ikkje heilt uvanleg på Voss, og fleire gonger har det ført til store skader på hus og infrastruktur.

Men flaum kan også nyttast til uvanlege padleturar med surfebrettet.

– Det som var litt spesielt denne gongen, var at det faktisk snødde samtidig som det flauma. Andre gongar er det stort sett berre regn og dårleg vêr når det er flaum, seier Fosse.

Ho fortel at akkurat dette området på Voss er spesielt utsett for flaum fordi det ligg så lågt mot vatnet.

– Men denne gongen var det litt ekstremt.

Vangsvatnet flaumer over på Voss 19.november 2020.

SKADER: Flaum er ikkje like kjekt for alle. Campingplassen nær Vangsvatnet på Voss fekk vatnet heilt opp i vognene denne veka.

Foto: Sandy Mathieson

Mykje respons på Instagram

26-åringen jobbar som frilansar innan sosiale medium og marknadsføring. Ho delte film frå padleturen på Instagram.

– Eg har fått veldig mykje respons på videoane på Instagram. Alt frå folk som lurar på kva i alle dagar vi driv med, til folk som seier at det er det kulaste dei har sett.

Karoline Fosse skildrar opplevinga som unik og spanande.

– Når liknande situasjonar oppstår, så må ein berre gripe sjansen. Det er så utruleg mykje kjekt ein kan få oppleve kanskje berre éin gang i livet.