Hopp til innhold

Gunnar fekk vatn inn i heile butikken: – Det er tragisk

Kraftig regn og vind gjer det svært utriveleg over store delar av Vestlandet. Fleire vegar er stengde, og vatnet fossar inn i bygningar. – Det er tragisk, seier butikkeigar i Bergen.

Gunnar Skjolddal

FULL AV VATN: Dagleg leiar Gunnar Skjolddal i jernvarebutikken Lindquist på Fjøsanger i Bergen fekk vatn inn i heile butikken.

Foto: Tony Ågotnes / NRK

Regnet hølja ned i Bergen onsdag kveld, og etter kvart rann det inn i mange bygningar. Ein av dei uheldige var Gunnar Skjolddal som driv jernvarebutikk på Fjøsanger.

– Det er tragisk. Det har skjedd før, og vi har installert fleire pumper. Men dei greidde ikkje å ta unna alt vatnet, seier Skjolddal og ser ut over kaoset i butikken.

Han er glad for at ein tilsett var i butikken og kjapt fekk sett i verk tiltak.

– Vatnet kjem nedover fjellsidene og samlar seg her nede i dalen. Så kjem det inn i butikken, sukkar han.

Brannvesenet kom til staden og fekk unna mesteparten av vatnet. For butikksjefen blir det no arbeid utover natta for å tørka opp og rydda opp.

Fekk vatn inn i butikken

OPPRYDDING: Det blir nattarbeid for dei tilsette i jernvarebutikken. Det er framleis mykje å tørka opp.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

E16 stengd etter ras

E16 mellom Bergen og Voss blei stengd ved Stanghelle i 18-tida på grunn av eit steinras. Raset har ikkje gjort skade på nokon, opplyser politiet.

– Det skal ikkje vera eit stort ras. Vegvesenet har sendt mannskap til staden for å undersøkja kva som skal gjerast, sa operasjonsleiar Eivind Hellesund i politiet til NRK.

Like før klokka 20.30 kom meldinga om at vegen er rydda og opna igjen. Men politiet understrekar at E16 kan bli stengd igjen på kort varsel viss det skjer nye hendingar.

Fylkesveg 79 stengd på grunn av flaum

STENGD: Fylkesveg 79 mellom Granvin og Kvanndal er stengd ved Folkedal til i morgon på grunn av flaum.

Foto: Martin Hamre

Omkøyringsveg stengd

Den vanlege omkøyringsvegen når E16 er stengd, fylkesveg 79 gjennom Hardanger, er stengd på grunn av flaum.

Fleire andre vegar er stengde på grunn av flaum, blant anna ein fylkesveg i Sædalen i Bergen. Mange andre vegar står i fare for å bli stengde utover kvelden og natta.

– Vi anbefaler folk å halda seg heime viss dei kan utsetja turen til ein annan dag, seier Tina Fjeldavli, trafikkoperatør i Statens vegvesen.

Ho seier det samlar seg vatn på alle dei vanlege, flaumutsette plassane.

På E39 Lotetunnelen mellom Lote og Nordfjordeid er det onsdag kveld trafikale problem på grunn av snø og sludd. Politiet opplyser at minst eitt vogntog står fast.

Klokka 22 melder Statens vegvesen at E134 over Haukelifjell er stengd på grunn av eit stort jordras. Det er usikkert kor tid vegen kan bli opna igjen.

Elva fløymer over i Aurland.

MYKJE VATN: Slik såg det ut på tunet til Nils Oskar Fardal på Hylland i Aurland onsdag kveld.

Foto: Nils Oskar Fardal

To husstandar isolerte

I Aurland i Sogn er seks hus omringa av elva seint onsdag kveld. I to av dei er det til saman tre fastbuande.

– Eg torer ikkje leggja meg i kveld, med dette tempoet kan eg få vatn inn i huset, seier Nils Oskar Fardal til Sogn Avis.

Han bur på Hylland i Aurland. Bilvegen er utvaska og det stod vatn kring 70 centimeter over vegen. Litt vatn kom det og inn i kjellaren i huset hans, men dette fekk han pumpa ut. Ei stund var det snakk om å evakuere, men då NRK snakka med han i 22.30-tida hadde elva trekt seg litt tilbake.

– Nei, det er ikkje aktuelt å evakuere slik det ser ut no.

Sjølv om husa er omringa av vatn og det allereie er gjort stor skade på eigedomen hans, vil han likevel ikkje kalle situasjonen for dramatisk.

– Eg er vant med dette, men dei som ikkje er fastbuande hadde nok sett meir dramatisk på det. Det verste er at elva gjer stor skade på bygningar, vegar og innmarka. Det er trasig å ta dette igjen annakvart år, seier han til NRK.

Men å gå å leggje seg å sove torer han likevel ikkje.

– Eg kjem nok til å følgje med på elva i natt, seier Fardal, som legg til at han har fortløpande kontakt med beredskapstelefonen hos Aurland kommune.

E39 ved Nordfjordeid.

SNØ PÅ E39: Den varsla snøen har alt kome i Nordfjord onsdag kveld, og fører til problem på E39.

Foto: Sigurd Husevåg

Travelt for politi og brannvesen

Politiet går no ut med den same oppfordringa som Vegvesenet.

– Hald deg i hus. Naudetatane, kommunane og vegtrafikksentralen har nok å gjera, og treng minst mogleg trafikk på dette føret, skriv politiet på Twitter.

Politiet og brannvesenet i bergensområdet har også hatt hendene fulle med vatn som renn der det ikkje skal.

I Sjøgaten i Bergen sentrum kjem vatnet opp frå kumlokk. Det er også ein bil som har punktert etter å ha køyrd på eit bekkalokk som er pressa opp av vatnet.

På nettsidene til Statens vegvesen kan du sjekka korleis uvêret påverkar trafikken.

Uvêret skal ikkje gje seg med det første, og i morgon er det venta snø fleire stader.

Flaum på Hardangervegen ved Midtun

STORE MENGDER VATN: På Midtun i Bergen er det store mengder vatn i Hardangervegen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK
Laster Twitter-innhold