Hopp til innhold

Her monterer dei verdas største vindmøllepark

Gigantmøllene skal generera straum til 20.000 bustader i Skottland. Sjå dei 175 meter høge vindturbinane bli monterte til sjøs.

Den flytende vindparken Hywind Pilotpark skal produsere strøm utenfor kysten av Skottland. Nesten hele konstruksjonen settes sammen på Stord.

DIGERT: Nesten heile den flytande konstruksjonen skal setjast saman på Stord. Eit av verdas største kranfartøy står for operasjonen. Video: Per Håkonsen

Havvindprosjektet Hywind Park blir den første flytande vindmølleparken til sjøs.

I 2015 gav skotske styresmakter Statoil klarsignal til å bygga den flytande vindturbinparken utanfor kysten av Peterhead. Etter planen skal dei fem turbinane i pilotanlegget produsera straum til 20.000 bustader.

Vengespenn på 75 meter

I februar kom dei 75 meter lange gigangetvengjene til monteringsanlegget på Eldøyane på Stord. Det er Norsea Group på Stod som set saman vindmøllene. Om lag ein tredel av kontraktsverdien, rundt 600 millonar kroner, har gått til norske leverandører.

Fredag starta jobben med å frakta turbinane frå fundamentet på land til ein flytande understruktur til sjøs. Saipem 7000, eit av verdas største kranfartøy, stod for løftet.

Hywind

TESTPILOT: Denne vindturbinen utanfor Karmøy i Rogaland blei sett opp i 2009. Mellom 2010 og 2013 produserte turbinen i snitt 8,3 gigawattimar per år.

Foto: Trude Refsahl/Statoil

– Det første løftet var det mest kritiske, men me fekk gode svar og hadde kontroll på løfteoperasjonen. Totalt har me gjennomført tre løft, fortel prosjektdirektør for Hywind, Leif Delp.

Dei to siste løfta vil skje innan onsdag. I midten av juli skal to taubåtar frakta dei to første turbinane over Nordsjøen. Anlegget skal etter planen produsera straum mot utgangen av 2017.

Ser til Stillehavet

I 2010 testa Statoil sin første flytande vindmølle utanfor Karmøy. Sju år seinare har Statoil nesten botnlause forventingar til prosjektet, som har bana veg inn i ein ny og berekraftig marknad.

Irene Rummelhoff

– UANTE MOGLEGHEITER: Konserndirektør for nye energiløysingar i Statoil, Irene Rummelhoff, har store tankar om framtida for havvindprosjektet.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Me ser eigentleg uante moglegheiter for å utvikla dette konseptet, seier konserndirektør for nye energiløysingar i Statoil, Irene Rummelhoff.

Direktøren peikar på at botnfaste havinnstallasjonar har avgrensingar når det gjeld havdjup. Statoil vurderer difor stader som California, Hawaii og Japan når framtidige lokasjonar skal greiast ut .

– Me jobbar med moglegheiter over heile verda. Det kjem til å ta litt tid, men at me skal sjå det neste fullskalaprosjektet innan dei neste ti åra, er eg ganske sikker på.