Hopp til innhold

Verdas første flytande vindmøllepark kan bli bygd ut frå norsk konsept

Skottland kan få verdas første flytande vindmøllepark med Statoil-vindmøller. Den skotske førsteministararen Alex Salmond trur at dette kan opna dørene for enorme mengder energi.

Hywind

Utanfor Karmøy står verdas første fullskala vindturbin, som er ein pilot av Statoil-prosjektet Hywind.

Foto: Trude Refsahl/Statoil

Statoil testar for tida ut verdas første flytande fullskala vindmølle. Nå har Skottland fått augene opp for Statoils Hywind-prosjekt .

I går møtte den skotske førsteministaren Statoil, for å snakka om å etablera vindparken «Hywind II» i skotske farvatn.

– Dette opnar opp for havvind på djupt vatn allereie i 2020, og ikkje i 2040, slik me tidlegare har trudd, seier ministaren Alex Salmond til nettstaden petro.no.

Flytande havvindmølle

Statoilprosjektet, som framleis er ein pilot er ei flytande vindmølle som er festa med tre forankringspælar i havbotnen. Elementet stikker 100 meter ned under havoverflata.

Statoil testar ut korleis vind og bølgjekraft verkar på konstruksjonen.

– Konseptet med ein vindpark i Skottland vil vera ei stor investering for Statoil, men om det blir ein suksess vil dette opna dørene for enorme mengder energi, seier Salmond.

Reiser til Skottland

Neste månad besøker Statoil Skottland for å utforska potensiale av dei to aktuelle områda for vindparken.

Øystein Johannesen i Statoil seier til NRK.no at dei også vurderer om ein eventuell demonstrasjonsvindpark skal bli lagt til USA eller Norge, men i dag og i går er det Skottland dei har vore i samtalar med.

I følgje petro.no har Skottland tilgang på så mykje som ein fjerdedel av Europa sitt offshore-vindpotensiale.

– Møte me hadde var svært positivt, og det har vore spanande å høyra meir om Hywind-konseptet og Statoil sine vidare planar. Me har prøvd å få på plass den informasjonen me treng for å etablera verdas første flytande vindmølllepark, seier Salmond.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.