Hopp til innhold

Desse gigantvengene skal bli historiske

STORD (NRK): Torsdag kom dei 75 meter lange turbinvengene som skal bli ein del av verdas første flytande vindmøllepark til Stord.

Vindmølleparken blir vist fram

GIGANT-MODULAR: Turbinvengene til det som skal bli Statoil sin nye testpark utanfor Skottland er no kome til Stord.

– Kvart blad er 75 meter langt og veg 25 tonn, seier prosjektdirektør Leif Delp og peikar på den første leveransen av modular som er kome til Stord.

Her skal fem turbinar settast saman, og etter kvart fraktast ut i Nordsjøen og bli verdas første flytande vindmøllepark, Hywind Pilotpark.

Store planar

Det er Statoil sitt dotterselskap Hywind Scotland som står bak prosjektet, som Statoil investerer rundt to milliardar kroner i. Vindmøllene skal til slutt plasserast utanfor kysten av Peterhead i Skottland, der havvinden skal gjerast om til straum.

– Vi har tru på at flytande teknologi kan brukast til offshore vindproduksjon, seier prosjektdirektør Leif Delp.

Forutan sugeanker og kjettingar skal heile konstruksjonen settast saman på Stord. Årsaka til at monteringa skjer nettopp her er at sjøen er djup nok.

– Det er store dimensjonar som skal byggast. Dette kjem til å ruve veldig i terrenget etter kvart som monteringa kjem i gong, seier Delp.

Slik skal Hywind Pilotpark etter planen sjå ut til slutt:

Arendalsbedriften MacGregor har sikret seg en storkontrakt i forbindelse med verdens første flytende vindpark. Bedriften skal levere forankringssystemet til disse vindmøllene. Vindparken skal bygges i Nordsjøen utenfor Skotland, og er et Statoilprosjekt.

Prosjektdirektøren fortel at dei har store planar for vindparkar i framtida.

– Vi testar no ut Hywind-konseptet i denne parkløysinga her, og ser for oss å utvikle konseptet og produktet vidare til storskala vindparkar i framtida, seier Delp.

Pilotparken skal brukast til å kostnadsoptimalisere turbinane, noko Statoil bruker ei eigenutvikla programvare for å gjere.