Onsdag 12. januar gjekk eit stort steinras ved Nottveit i Modalen i Vestland.
Raset førte til ei flodbølgje som blant anna tok med seg fem naust på fjorden.
Ingen personar var involvert, men dei materielle skadane var store.
No samarbeider kommunane Alver, Osterøy og Modalen med Kystverket for å få rydda opp drivgodset i fjorden.
MENGDER MED DRIVVED: Noko legg seg inntil land, men mykje driv vidare ut på fjorden.
Foto: Vegard Sæterøy Hansen– Kolossale mengder
Kjetil Spurkeland er leiar for drift og vedlikehald i Alver kommune. Han trur dei kjem til å halde på godt ut i kommande veke.
For det er langt meir enn fem naust som har hamna på fjorden.
– Det er også ein god del skog, kratt og andre ting. Det er kolossale mengder, seier Spurkeland.
Men nøyaktig kor lang tid oppryddinga vil ta, det kjem an på vêret. Akkurat no er arbeidsforholda gode.
At så mykje driv rundt på fjorden er farleg for skipstrafikken og anna båttrafikk. I tillegg er det skummelt for oppdrettsnæringa som ikkje ligg så langt unna. Heldigvis har det ikkje spreidd seg så langt enda.
– Men det vil det om vi ikkje får plukka det opp, seier Spurkeland.
Kjetil Spurkeland er leiar for drift og vedlikehald i Alver kommune.
Foto: Cato Heldal Christensen / NRKKartlagt med drone
Med seg på laget har dei tre kommunane og Kystverket fått med seg eit selskap som har kartlagt heile fjorden med dronebilete.
– Vi var heldige med dronebildene. Først var vi usikre på om det kunne la seg gjere, seier Spurkeland.
Men vêret kom seg og dronen kunne takast i bruk. Dermed har dei fått ei god oversik over heile området med ting i sjøen.
– Skulle vi ha gjort tilsvarande med båt, ville det ha teke fleire dagar.
No har dei mogelegheita til å zoome inn på bileta og vite lokasjonen på kvar ting er. Men det vil sjølvsagt også flytte på seg.
DRONEBILDE: Dronen har også teke bilete av båten som er i sving med å rydde opp.
Foto: RegioX ASVarslar fartøy i området
Dei har også fått låne ei kai til å lesse ting på land.
I tillegg har det blitt lagt inn UMS-varsling for området. Denne vil varsle alle fartøy om å ferdast med stor forsiktigheit.
For det er mange som køyrer i mørkeret. Då er det vanskeleg å sjå kva som flyt rundt.
– Det er litt skummelt. Derfor må massane i sjøen hentast opp, særleg dei store stokkane, seier Spurkeland.
ENORME KREFTER: Det var store mengder stein som raste ut i Nottveit i Modalen. Resultatet vart ei flodbølge og øydelagde naust.
Foto: Vidar Nøttveit