Hopp til innhold

Her har jerven vore på påsketur

Då Anne-Britt Reppen Halset la ut på påskeskitur langfredag, hadde nokon trakka spor før henne.

Jervespor

SPOR I SNØ: På ein skitur kom Anne-Britt Reppen Halset og turfølget hennar over det som mest sannsynleg er jervespor. Snusboksen viser storleiken på spora.

Foto: Anne-Britt Reppen Halset

– Eg la merke til at det var eit så stort spor, så eg måtte stogge dei andre, fortel Anne-Britt Reppen Halset.

På ein skitur langfredag oppdaga ho og turfølget hennar store spor i snøen litt nord for Anestølen i Sogndal. Spora såg ut til å kome frå ein fjelltopp, og følgde over til ein annan fjelltopp.

Dei synest det likna spor av jerv.

– Når vi såg på storleiken sett opp imot ein snusboks, såg vi at det var mykje større enn revespor. Det hadde snødd natta før, så det kunne ikkje vere så lenge sidan spora kom, seier ho.

Anne-Britt Reppen Halset

PÅ TUR: Anne-Britt Reppen Halset var på skitur då ho og turfølget hennar kom over spora.

Foto: PRIVAT

Aktiv periode

Rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn, Rein-Arne Golf, har sett bilete av spora og seier mykje tyder på at det er jerv.

– Det på grunn av storleiken på sporet og forma av fotavtrykket, seier Golf.

SNO har registrert jerv i området før, og dette er ein periode av året jerven er ganske aktiv, fortel han.

– Så vi kan forvente at det dukkar opp jerv og jervespor veldig mange plassar.

Ber folk melde frå

Golf oppmodar folk som gjer observasjonar om å melde frå til Statens naturoppsyn.

– Ta bilde med målestokk så vi ser kor stort sporet er. Finn du skit, ta vare på den i ein rein plastpose som du legg i frysen, så vi kan hente den inn og få det analysert, seier han.

Rein Arne Golf

BER FOLK MELDE FRÅ: Rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn, Rein-Arne Golf, ber folk som gjer observasjonar om å melde frå.

Foto: Seline Larsen

– Det er ein måte vi driv bestandsovervaking på dei store rovviltdata. For jerv gjer vi dette mellom anna ved å samle inn DNA, seier Golf.

Sjeldan

Halset fortel at sauebønder har opplevd at jerv har teke dyr i området tidlegare. Sjølv har ho sjeldan opplevd å sjå jervespor.

– Vi går og ser mykje etter spor, fuglar, hjort og det som er, så det er spennande å sjå ein annan type spor, seier Halset.

Jervespor

TYDELEGE SPOR: Spora blei observert i nærleiken av Anestølen i Sogndal, og gjekk frå ein fjelltopp til ein annan.

Foto: Anne-Britt Reppen Halset