Her har dei verdas flottaste toalett

Kva er vel finare enn å kunne nyte vill norsk natur medan ein sit på do? Ingenting, meiner nettsida Design Curial. Dei har kåra toalettet på Stegastein i Aurland for verdas flottaste.

Stegastein toalett

DRITFINT: Med panoramautsikt frå toalettsetet, har Stegastein fått ein noko annleis attraksjon.

Foto: Roger Ellingsen/Statens Vegvesen

Å omgi seg med glasveggar medan ein gjer sitt fornødne, er sjelda ein god ting. Men når toalettet byr på unik utsikt og (forhåpentlegvis) ingen innsikt – då er det ingen toalett i verda som kan måle seg.

– Dette offentlege toalettet tek kaka, skriv DesignCurial på sine nettsider.

Av mange tusen kandidatar, har dei kåra toalettet på Stegastein i Aurland som det finaste.

Eit minneverdig dobesøk

– Det er jo fantastisk hyggeleg, smilar Per Ritzler.

Han er presseansvarleg for Nasjonale turistvegar, som står bak installasjonen i fjellsida i Aurland.

Når han skal skildre opplevinga av toalettet på Stegastein, trengst berre to ord: «rein nytelse».

Stegastein toalett

ARKITEKTKONKURRANSE: Av fleire deltakarar, var det arkitektane Todd Saunders og Tommie Wilhelmsen som fekk realisere sitt draumetoalett. Prislapp: omlag 2 millionar.

Foto: Jarle Wæhler/Statens vegvesen

Uvanleg attraksjon

Design, innovasjon og korleis bygningen står til sine omgivnader, var kritera som vart vurdert – og Stegastein skåra høgast av alle.

Men då Statens Vegvesen bygde toalettet, som ruvar 650 meter over Aurlandsfjorden, møtte dei ein god del skepsis.

– Det var jo ein spenstig idé. Særleg i lokalmiljøet var ikkje alle begeistra, men no når interessa har synt seg å vere så stor, er haldninga udelt positiv, fortel Bjørn Andresen som var prosjektleiar for byggverket.

Internasjonal markering

Og det var ikkje tilfeldig at kåringa vart offentleggjort 19. november. Denne dagen er nemleg verdas internasjonale toalettdag.

– Kva planar har du for å markere verdas toalettdag?

– Haha, det var eg ikkje klar over. Eg har vel ikkje lagt opp til noko, men må må vel ete litt kake og feire vår vakre do, seier Ritzler.