Hopp til innhold

Her får du 200.000 kroner for å byggje nytt hus

Bremanger ivrar etter å få folk til å busetje seg i kommunen, og gir difor 200.000 kroner i støtte til alle nye husbyggjarar.

Kolset og Hornelen i Bremanger

VIL HA FOLK HIT: Bremanger-politikarane vil lokke folk til kommunen ved å gi pengestøtte til husbyggjarar.

Foto: Espen Gulliksen

Forslaget blei vedteke i kommunestyret i Bremanger på torsdag. Det var Fjordenes Tidende som først omtala saka.

– Vi treng meir folk i kommunen vår og ser på det som ei god støtte. Det kostar å byggje hus og det å få 200.000 når huset er ferdig vil kunne vere eit godt lokkemiddel, seier Anne Kristin Førde (Ap), påtroppande ordførar i Bremanger.

Anne Kristin Førde i Ap-jakke

HÅPAR MANGE VIL SØKJE: Påtroppande ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde (Ap) håpar pengestøtta vil auke talet nybygde hus i kommunen.

Foto: Privat

Unge har vist interesse

Kommunen gir 200.000 kroner til dei som byggjer heilårsbustad. Dei som buset seg i «nybygd bustad i fleirbustad-bygg», som ei leilegheit, kan få 50 000 kroner i støtte.

– Det er viktig for å auke folketalet og rekruttere barn til skulane våre, seier Stig Bakke, kommunestyrerepresentant for KrF i det sitjande kommunestyret.

Tiltaket gjeld frå nyttår, og vilkåra for å få hus-støtta er relativt enkle.

– Berre ein byggjer hus i kommunen, så tilfredsstiller ein krava, seier Bakke.

Det er ikkje første gong utradisjonelle idear blir sett i verk for å få folk til Bremanger. Kolset Krins Utviklingslag inviterer folk til å la barnefamiliar prøvebu i krinsen – med opp mot eit års gratis husleige. Utviklingslaget har fått god respons, og også det nyaste bulyst-tiltaket har vekt merksemd.

– Undervegs har vi blitt kontakta av ungdomar frå Svelgen og Davik som uttrykker at dette er positivt, så vi trur dette blir teke godt imot, seier Bakke.

Heisar flagget om mange kjem

Han fortel at folketalsutviklinga i kommunen treng ein oppsving.

– Folketalet har vore svakt nedgåande, difor er dette viktig for oss. Elevtalet har gått litt ned og prognosane framover ser ikkje så bra ut, fortel han, som no håpar på blest rundt Bremanger.

– Eg tenkjer dette må vekkje merksemd. Det er ingen kommunar rundt oss som har ei så stor støtte.

Framover vil kommunen jobbe på ulike måtar for å lokke folk til kommunen.

– Dette tiltaket aleine er ikkje nok, vi må halde fram med å skape bulyst. Vi vil gjere det enkelt for folk å finne ut kor enkelt det er å byggje i Bremanger, seier Førde.

– Kva om det no kjem ein straum av folk som vil til Bremanger, det kan bli dyrt?

– Vi må berre heise flagget om vi får så mange tilflyttarar at vi må vurdere om vi kan fortsetje med dette, seier ho.