Her vil dei berge bygda ved å la folk bu gratis

Ved å la familiar «prøvebu» hus utan at det kostar éi krone, vil Kolset Krins Utviklingslag skaffe nye tilflyttarar og slik redde skulen i den vesle bygda i Bremanger.

Kolset og Hornelen i Bremanger

SPONSAR HUSLEIGE: Her i denne bygda kan du få prøvebu hus gratis i eit år.

Foto: Espen Gulliksen

I eit innlegg på nettsida Finn.no lyser Kolset Krins Utviklingslag ut eit bulystprosjekt der dei inviterer spesielt familiar med barneskuleelevar til å prøvebu i krinsen deira i eit år.

Låge elevtal i barneskulen over fleire år var ein motivator for å leggje ut annonsen.

Åse Leirgulen

TENKJER NYTT: Åse Leirgulen håpar annonsen på Finn vil freiste nye tilflyttarar.

Foto: Edvin-A Hugvik / Norsk Landbruksrådgivning


– Vi har prøvd å annonsere ledige bustadar og jobba opp mot kommunen sitt rekrutteringsprosjekt i lengre tid utan hell. Utviklingslaget kom då fram til at det kanskje var på tide å prøve noko nytt, seier Åse Leirgulen i styret for Utviklingslaget

Vi vart einige om å tilby sponsing av husleige og lyse det ut på Finn.no.

Åse Leirgulen

Lokkande tilbod

Utviklingslaget tilbyr å sponse tre månadar husleige per barn i skulealder. Dette skal blant anna finansierast gjennom oppsparte midlar.

– Vi ser ikkje noko grunn til at vi skal sitje og samle opp pengar. Då vil vi heller bruke dei på noko som kan skape liv i bygda.

Kolset i Bremanger kommune

YNSKJER BARNEFAMILIAR: Kolset krins ynskjer fleire barnefamiliar til bygda.

Foto: Espen Gulliksen

Utviklingslaget er optimistiske, men Leirgulen fortel at dei må jobbe ganske hardt for å få napp.

– Annonsen har fått over 800 visningar, men så langt har ingen lagt inn søknad for å få husleigestøtte.

Leirgulen seier at sjølv om det er ei lita bygd, så er dei likevel sentrale, og meiner dei kan tilby eit godt og trygt oppvekstmiljø for barnefamiliar.

Vil ha barnefamiliar

Kolset krins består av fleire småbygder, og har omkring 250 innbyggjarar. Rugsund er ei av desse bygdene, og det er her Kolset skule ligg. Skulen, som dei no jobbar for å berge, har lenge vore truga av nedlegging, og Leirgulen seier at dette var ein stor motivator for annonsen.

 Kolset skule i Leirgulen

TRUGA: Innbyggjarane i Kolset krins ynskjer å berge skulen frå nedlegging.

Foto: Espen Gulliksen

– Det er dette som gjer at vi har sagt at husleigestøtta er avhengig av at det kjem familiar med skulebarn.

Privatskulelova seier at ein må ha eit tal på femten elevar i løpet av dei tre fyrste åra for å kunne drive skulen vidare, fortel Leirgulen.

Auke i Aurland

Andre kommunar har òg prøvd seg på bulystprosjekt for å auke folketalet. Blant desse er Aurland kommune.

– Vi jobba spesielt med å auke tilgangen på bustadmassar, men også andre tiltak som møteplassar og trivselsskaping, seier Norunn Haugen, HR-ansvarleg i kommunen.

Prosjektet i Aurland, som berre varte halvanna år, testa fleire tiltak for å gjere bygda meir attraktiv både for dei som allereie budde der, men også for tilflyttarar.

Haugen kan fortelje at Aurland kommune har dei siste åra hatt ei positiv folketalsutvikling.

– Nokre av årsakene til dette kan nok stamme frå bulystprosjektet, men utviklinga av næringslivet er nok også ein medverkande faktor, seier ho.