Her er påskequizen for 1. april

Freistar det med nokre påskenøtter? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein ny quiz resten av påska.

Påskequiz NRK Sogn og Fjordane 2018
Foto: Francois-Xavier, AFP/Solborg Fure/Støylen, NRK/Helle, NRK/Graham Guttormsen/Åsnes, NRK

Quizen vår er ei ganske lett blanding, der dei fleste spørsmåla er knytte til fylket vår.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar.

Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein heldig vinnar kvar dag. Vinnarane får eit NRK-krus med litt påskegodt i posten. Av alle som sender inn rett svar i løpet av påska plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Fjordenes Tidende var avisa i fylket som stod for den prosentvis største auken i opplagstal i fjor. Kva heiter redaktøren deira? Vi vil ha førenamnet til vedkommande.
  2. Kva heiter miljøorganisasjonen som rett før påske aksjonerte mot ein oljerigg i Gulen?
  3. 40 skular i Sogn og Fjordane har vore med på Klassequizen i år. To gjekk vidare til landsfinalen. Kvåle skule i Sogndal var den eine. Kva heiter den andre skulen?
  4. To nye el-ferjer er sett inn på E39-sambandet Anda-Lote etter nyttår. «MF» Gloppefjord er den eine, men kva meir enn «MF» heiter den andre?
  5. Jan Henrik Nygård frå Florø vart tidlegare i vinter valt til ny fylkesleiar av kva parti i Sogn og Fjordane?
  6. Både Florø og Sogndal spelar i Obos-ligaen denne sesongen. Kva heiter laget Sogndal møter i sin første seriekamp rett over påske?
  7. Kva heiter den pensjonerte lensmannen frå Florø som brukar pensjonistlivet på å samle inn gjenstandar og historier frå politihistoria i fylket? Vi vil ha førenamnet.
  8. Kva heiter kvinna som vart konstituert som redaktør i Firda etter at Yngve Årdal gav seg i starten av mars? Vi vil ha førenamnet hennar.
  9. Blægja blir med sine 1305,1 meter rekna som det høgaste fjellet i kva kommune i fylket?
  10. Kva farge ligg i botnen på kommunevåpena til Jølster, Årdal og Eid?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!