Hopp til innhold

Her er påskequizen for 2. april

Freistar det med nokre påskenøtter attåt kaffien i solveggen? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein ny quiz resten av påska.

Påskequiz NRK Sogn og Fjordane 2018
Foto: Francois-Xavier, AFP/Solborg Fure/Støylen, NRK/Helle, NRK/Graham Guttormsen/Åsnes, NRK

Quizen vår er ei ganske lett blanding, der dei fleste spørsmåla er knytte til fylket vår.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar.

Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein heldig vinnar kvar dag. Vinnarane får eit NRK-krus med litt påskegodt i posten. Av alle som sender inn rett svar i løpet av påska plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Selje kommune håpar nokon vil byggje opp ein overnattingsstad på det vestlegaste fjellplatået i Norge, Vestkapp. Kva heiter fjellet Vestkapp-platået ligg på?
  2. Kva heiter den nye klima- og miljøministeren som vart skulda for løftebrot då han i januar slo fast at løyvet om fjorddeponi i Førdefjorden står fast? Vi vil ha førenamnet til ministeren.
  3. Kva heiter den 1044 meter lange tunnelen på riksveg 13 over Vikafjellet?
  4. Kor mange OL-medaljar fekk Johannes Thingnes Bø med seg heim frå OL i Pyeongchang? Skriv svaret med bokstavar.
  5. Og kor mange medaljar fekk storebroren Tarjei Bø med seg heim frå same meisterskap? Skriv svaret med bokstavar.
  6. Good Time Charlie frå Førde var nominert til spellemannpris for albumet Ready to rumble. I kva kategori var dei nominert?
  7. Kva heiter organisasjonen der Kristine Kopperud Timerlid frå Høyanger nyleg tok over som leiar her i fylket?
  8. Sogn og Fjordane fylkeskommune melde denne kommunen til politiet etter at kommunen hadde grave i eit område med over 1000 år gamle kulturminne. Kva heiter kommunen?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!