Trine Vingsnes frå Førde er den heldige vinnaren av ein DAB-radio. Ho er ein av svært mange som har sendt inn svar på quizane vi hadde kvar dag i påskeveka.
Kvar dag gjennom påska har vi plukka ut ein vinnar som får eit NRK-krus med litt påskegodt i posten.
Under finn du svar og vinnarar:
Måndag 2. april:
Rett løysingsord var kostebil. Vinnar blei Hege Lysne som bur i Stavanger. Gratulerer!
Sundag 1. april:
Riktig løysingsord i dag var eggevarmar. Dagens heldige vinnar er Åge Jonn Hillestad i Sogndal. Gratulerer!
Laurdag 31. mars:
I dag var rett løysingsord priskrig. Dagens heldige vinnar er Ingrid Bårgard i Oslo. Gratulerer!
Fredag 30. mars:
I dag var løysingsordet noko ein håpar å få på påsketuren, nemleg silkeføre. Dagens heldige vinnar er Hege Lysne i Stavanger. Gratulerer!
Torsdag 29. mars:
I dag var løysingsordet noko som er ganske praktisk å ha med seg på tur, nemleg pølsetermos. Dagens heldige vinnar er Trine Vingsnes i Førde. Gratulerer!
Onsdag 28. mars:
I dag skulle vi fram til løysingsordet sukker. Første vinnar i påskequizen vår blei Magne Kalstad Sortevik i Leikanger. Gratulerer!