Hopp til innhold

Her er påskequizen for 31. mars

Freistar det med nokre påskenøtter attåt kaffien i solveggen? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein ny quiz resten av påska.

Påskequiz NRK Sogn og Fjordane 2018
Foto: Francois-Xavier, AFP/Solborg Fure/Støylen, NRK/Helle, NRK/Graham Guttormsen/Åsnes, NRK

Quizen vår er ei ganske lett blanding, der dei fleste spørsmåla er knytte til fylket vår.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar.

Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein heldig vinnar kvar dag. Vinnarane får eit NRK-krus med litt påskegodt i posten. Av alle som sender inn rett svar i løpet av påska plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Venstre sitt gjennomslag for å avvikle denne næringa har blant anna ført til utmeldingar her i fylket. Kva næring snakkar vi om?
  2. Kva er etternamnet til artisten frå Eid som går under artisnamnet Aleks Grey?
  3. Utøvaren frå arrangørklubben Tambarskjelvar var to kilo unna kongepokalen under senior-NM i vektløfting i Naustdal i midten av februar. Kva heiter ho til førenamn?
  4. Musikkvideoen som den kinesiske superstjerna Wang Yuan spelte inn i blant anna Flåm i vinter kan bli svært god reklame for Vestlandet som turismål. Kva heiter singelen det blei laga musikkvideo til?
  5. Kva heiter det høgaste punktet i Solund kommune?
  6. Frå kva land er dei tre mennene som like før påske blei dømde til fengsel i den såkalla «Black Box»-saka?
  7. Vilde og Anna sin song Vestlandet har blitt ei skikkeleg landeplage. Men kor godt kan du songen? Fullfør songstrofa: "Du kan oppleve ein masse, du kan lære nye ting. Men…."
  8. I kva kommune i fylket har brannvesenet fått bygd om ein mjølkebil til ein topp moderne skumbrannbil?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!