Her brenn det i fjellsida – gult farevarsel for skogbrann

Tørkesommaren gjer at faren for skogbrann no er på gult nivå i Sør-Noreg. Torsdag byrja det å brenne i fjellsidene i Sogn.

Skogbrann Aurland

SKOGBRANN: Det brenn i fjellsida ved innløpet til Nærøyfjorden.

Foto: Aurland Brannvesen

  • To heilkopter har torsdag kveld vore i arbeid med å sløkke brannen. Det eine helikopteret skal også bistå i sløkking fredag.

– Vi har sendt ut farevarsel for lokal skogbrannfare over store deler av Sør-Noreg. Det er fordi det har vore lite nedbør mange stadar over lang tid, seier statsmeteorolog Anne Mette Olsen.

Torsdag ettermiddag fekk brannvesenet i Aurland melding om at det brann i skogen i innløpet til verdsarvområdet i Nærøyfjorden.

Rundt kl. 19 torsdag fortalde brannsjef Reinhardt Sørensen at brannvesenet haddde greidd å slå ned ein god del av brannen og hadde god kontroll på situasjonen.

– Vinden har òg løya ein del, seier brannsjefen.

To helikopter har bidrege i sløkkinga torsdag kveld. I tillegg driv brannmannskap sløkkingsarbeid frå land.

– Vi greier truleg å sløkke i løpet av morgondagen, men slike skogbrannar kan blusse opp att, seier han til NRK.

Eitt av helikoptera skal brukast i sløkkingsarbeidet fredag.

Skogbrann i Aurland

FRAKTAR BRANNMANNSKAP: Aurland Fjordsafari er med på å frakte brannmannskap inn til Nærnesholten.

Foto: Aurland Brannvesen

Spreidde seg frå fjorden

Tidlegare i dag fortalde innsatsleiar i brannvesenet, Arvid Gilje, at brannen hadde spreidd seg oppover frå fjorden.

– Der er det ein del skog. No brenn det utover fjorden. Vi kjem ikkje til for å sløkke fordi det er så stupbratt, det er faktisk steinar som rasar ned også, sa Gilje.

Torsdag kveld seier brannsjef Reinhardt Sørensen at det truleg er eit bål som er årsaka til brannen.

Skogbrann i Aurland

SLØKKER: Brannhelikopter bidreg i sløkkinga.

Foto: Aurland Brannvesen

Tørt vêr framover

– Det er lokale variasjonar, men når vi ser på prognosane framover så er det veldig tørt. Det er ikkje venta nedbør dei neste dagane og det kan godt gå eit stykke ut i neste veke før det kjem nedbør, seier meteorologen.

Ho peikar på at det skal ein god del nedbør til i Sør-Noreg før ein kan trappe ned farevarslinga for skogbrann.

– I Møre og Romsdal, Trøndelag og Innlandet er det ikkje den store faren, men det gjeld stort sett resten av Sør-Noreg.

Skogbrannfare i Sør-Noreg.

STORT OMRÅDE: Det gulskraverte området syner kvar brannfaren er størst no.

Foto: @Meteorologene