Hopp til innhold

Her bergar dei to skular frå nedlegging

VIK (NRK): Med åtte mot ni røyster gjekk kommunestyrepolitikarane inn for å ikkje leggje ned Vangsnes og Fresvik skular.

Kommunestyret i Vik vedtek å spare skular for nedlegging.

RØYSTA: Framlegget frå Senterpartiet om å ikkje røre skulane i det heile vann fram i kommunestyresalen. Arbeidarpartiet føreslo på si side å flytte 5. – 7.-klassingane frå Valsvik til Vik, og frå Fresvik til Feios.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– På ein skala frå ein til ti? Elleve?

Det var Sp-politikar Marianne Bøthun sin tidlege kommentar over gleda etter at kommunestyret i dag gjekk inn for å ikkje endre i skulestrukturen i Vik.

Betyr oppseiingar

Morten Midlang

SKUFFA: Morten Midlang og Høgre trur det blir vanskeleg å få kommuneøkonomien i balanse etter vedtaket torsdag. – Då må kommunen finne andre stader å hente dei fem millionane på, pluss kanskje ti millionar til, seier han.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kommunen må årleg spare 15 millionar kroner dei neste åra, og rådmannen føreslo å leggje ned skulane i Fresvik og Vangsnes .

Endring i skulestrukturen ville åleine gjeve ei innsparing på kring fem millionar kroner.

– Diverre tek ikkje kommunestyret innover seg den økonomiske situasjonen som kommunen har, og vil halde fram som før når det gjeld skulestruktur. Eg ser ikkje at vi har råd til det, seier Morten Midlang (H).

– Betyr vedtaket oppseiingar?

– Det ser eg ikkje vekk ifrå.

Viktig for grendene

Marianne Bøthun

LETTA: Marianne Bøthun (Sp) pusta letta ut etter vedtaket. – No er det opp til skulane korleis dei skal ta sin del av innsparinga, seier ho.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Bøthun, som sjølv bur i Fresvik, var veldig letta over vedtaket.

– Eg er ikkje i mot at skulane skal ta sin del av innsparinga, men vi har jobba mot å endre strukturen. Gjer du det, er det vanskeleg å endre i ettertid, seier ho og meiner skulane er for viktige for grendene.

– Vi er meir interessert i å ha skulane i desse smågrendene, for vi er så avhengige av optimisme og tilflytting. Det kan du ikkje sparke beina under, seier ho.

Reduserte ikkje, men auka

I Høgre er Morten Midlang samd i at levande og aktive bygder er viktige for kommunen.

Oddbjørn Ese

RÅDMANNEN: Oddbjørn Ese er usikker på kvar, korleis og kor mykje ein kan spare på dei andre sektorane. – No har ein takka nei til det som kunne vere viktig bidrag til å skape balanse i kommuneøkonomien, seier han etter vedtaket torsdag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Men ikkje for ein kvar pris. Ikkje dersom kommunen elles går dukken, seier han.

Rådmann Oddbjørn Ese seier vedtaket torsdag krev investeringar tilsvarande 2-2,5 millionar kroner i auka driftskostnad. Innsparingane må ein finne på andre sektorar.

– Konklusjonen er at dagen i dag, som hadde som utgangspunkt og mål om å redusere driftskostnadane, har det stikk motsette skjedd, seier han.

Vil dukke

Ordførar Olav Turvoll (Sp) seier han er letta over å nok ein gang kunne setje punktum for ein stadig tilbakevendande debatt.

– Vi har jo moglegheit til å kutte i skulane utan å endre struktur, men det får sine følgjer det også, seier han.

Bøthun trur ikkje at det er siste gang skulestrukturen blir føreslått endra.

– No er det tredje gangen i mi korte politiske karriere, og dette er tredje gang. Denne kjem att. Vi blir ikkje kvitt den, seier Bøthun.

Midlang trur den allereie kan vere på sakskartet neste år.

– Om det ikkje fører oss endå nærare ein tvungen kommunesamanslåing før den tid, avsluttar han.