Hopp til innhold

Henrik og Didrik i stjerneduell i Stoltzen Opp: – Dette er jo ei steinur, ikkje ei steintrapp!

Den eine har seks medaljar i EM. Den andre har tre i VM og OL. Men gamle laurbær hjelper lite i verdas brattaste løp.

OL-HELT JAGAR EM-HELT: Henrik Ingebrigtsen (føre) vart nesten tatt igjen av Didrik Tønseth (bak), som starta eitt minutt etter.

– Ein blir litt overraska over kor bratt det er. Og så tenker ein gjerne at det er ei steintrapp, men det er jo ikkje det. Det er ei steinur!

Det seier friidrettsløpar Henrik Ingebrigtsen med eit smil, like etter å ha sprunge «Stoltzekleiven Opp» i dag.

– Men det er kjekt å pusha seg i ei konkurranseform eg ikkje er van med.

I ganske surt vêr, med regnbyer, skodde, litt vind og 9–10 grader, kjempa tusenvis av løparar seg laurdag opp dei over 900 trappetrinna i Stoltzekleiven i Bergen.

Motbakkeløpet som kallar seg verdas brattaste, går mellom Fjellveien og Sandviksfjellet, med ein høgdeforskjell på 301,44 meter.

Det forventa høgdepunktet var stjerneduellen mellom Ingebrigtsen og langrennsløparen Didrik Tønseth.

Henrik Ingebrigtsen løper i mål på Stoltzekleiven opp 2023

Henrik Ingebrigtsen på veg i mål etter ni minutt i «steinura».

Foto: Jonatan Rosengren Drake

Tidlegare merittar og dagens prestasjonar

Tønseth har to VM-gull og eitt OL-gull, alle i stafett, og fire NM-gull. Han har også eit NM-gull i terrengløp.

Ingebrigtsen har på heile 2010-talet vore ein av Europas beste på mellomdistanseløp. Han har eitt EM-gull, tre sølv og to bronse, og ni NM-gull.

Begge er 32 år.

I 13-tida laurdag starta Ingebrigtsen eitt minutt før Tønseth.

Ved målgang kom Ingebrigtsen sju sekund før Tønseth.

Ingebrigtsen sprang altså på 9.38, Tønseth på 8.45.

Didrik Tønseth i Stoltzekleiven Opp 2023

Langrennsløpar Didrik Tønseth slo Ingebrigtsen med 53 sekund. Han seier etter løpet at han eigentleg ikkje såg på Ingebrigtsen som ein konkurrent.

Foto: Jan Kocbach

Ingen duell

Resultatet heldt til 3.-plass for Tønseth.

– Det var tyngre enn eg frykta. Alle sa det var bratt og at eg burde opna hardt, og det gjorde eg. Litt for hardt. Det vart tøft på slutten, ja, seier Tønseth etter premieutdelinga.

– Såg du på Ingebrigtsen som ein konkurrent i dag?

– Eg gjorde dessverre ikkje det. Det var jo artig at me møttest her, men det vart aldri nokon skikkeleg duell. Dette er jo på ein måte ikkje arenaen for nokon av oss. Det liknar likevel mykje meir på min vanlege arena enn ein flat friidrettsbane, så det passa betre for meg enn for han.

Ingebrigtsen enda på 21.-plass.

Han har konkurrert i Stoltzen fleire gonger tidlegare.

– Eg føler det berre blir verre og verre, seier han like etter å ha kome i mål.

Og kva han tykte om å bli slått av Tønseth?

– Eg anerkjenner ikkje utfordringa og bryr meg midt i «rævo», sa Ingebrigtsen til BT.

henrik Ingebrigtsen etter Stoltzen Opp 2023

Henrik Ingebrigtsen smilte godt etter å ha enda på 21.-plass i årets «Stoltzekleiven opp». Han kom 53 sekund bak sin mest profilerte konkurrent, Didrik Tønseth, som tok bronse med tida 8.45

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Ludvigsen og Dyrhovden vann igjen

Årets vinnar i herreklassen vart Torbjørn Ludvigsen. Like etter Tønseth sprang han inn til siger på 8.05.

Ludvigsen har vunne løpet fleire gonger. Like etter kom Joel Dyrhovden i mål til 2.-plass på 8.20. Dyrhovden vann Stoltzen i fjor (8.23).

Stian Øvergaard Aarvik har dermed framleis rekorden i Stoltzen: 7 minutt og 46 sekund brukte han i 2019. Men i dag var han langt nede på lista.

Torbjørn Ludvigsen (t.h.) tok gull og gratulerer Joel Dyrhovden med sølv i Stoltzekleiven Opp 2023.

Torbjørn Ludvigsen (t.h.) vann og gratulerer Joel Dyrhovden med 2.-plass i Stoltzekleiven Opp 2023.

Foto: Jonatan Rosengren Drake

Løyperekorden for kvinner sette Kristin Størmer Steira heilt tilbake i 2013: 9 minutt og 35 sekund.

Blant kvinnene vann i år fjorårsvinnar Emma Dyrhovden på 9.52, med Karoline Kyte på andre plass (10.06). Kyte er den som har vore nærast rekordtida til Steira.

Yvonne Berge Børsheim tok 3.-plass (10.19) føre ein annan favoritt, skøyteløpar og noregsmeister i orientering Ragne Wiklund, som kom på 4.-plass.

På førehand hadde løpsleiar for «Stoltzekleiven opp», Carl Eilert Macody Lund, tippa at fjorårsvinnarane Dyrhovden og Dyrhovden også skulle vinna i år, med Ludvigsen og Tønseth som utfordrarar på herresida, og Kyte, Wiklund og Nora Markhus på kvinnesida.

Emma Julie Dyrhovden vann kvinneklassen i Stoltzekleiven Opp 2023

Emma Julie Dyrhovden vann kvinneklassen i Stoltzekleiven Opp 2023, slik ho også gjorde i fjor.

Foto: Jan Kocbach /