Hopp til innhold

Legg ned ambulansebåt

Styret i Helse Førde har i ettermiddag vedtatt å legge ned dagens ambulansebåt i Askvoll. Ein ny ambulansebåt stasjonert i Solund skal i framtida dekke øyane også i Askvoll. Forslaget har vekt store protestar lokalt, men administrerande direktør Arve Varden seier ei effektivisering er naudsynt.