Hopp til innhold

Helikopterspyling får ikkje laus steinar i fjellsida

Helikopter har i ettermiddag prøvd å få laus steinmasser i fjellsida med spyling, men utan å lukkast. Geolog trur derfor at fjellsida no kan vere stabil.

Spyling i fjellsida

RASSIDA: Dei lause massene i denne fjellsida flyttar ikkje på seg etter å ha blitt spyla frå helikopter i ettermiddag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– No har vi køyrt ein del vatn på det lause området og det har ikkje vore så mykje effekt av det, per no, seier fungerande avdelingsdirektør Ingar Hals i Staten vegvesen.

Etter at fjellsida no er spyla med vatn, har geolog Espen Eidsvåg vore oppe i helikopter og sett på fjellsida.

– Steinane har ikkje rasa enno, men det kan ta litt tid. Vi skal no sjå korleis steinane reagerer på trykket frå vatnet, seier Eidsvåg.

Kan vere stabilt no

Tysdag ettermiddag kom eit stort steinskred nedover fjellsida like vest for Gudvangen. E16 mellom Gudvangen og Voss er no stengd. Dette er på hovudvegen mellom Oslo og Bergen.

Mange av steinane blei knuste på veg nedover medan andre hamna på europavegen.

Dersom ikkje noko har skjedd før i morgon tidleg, ser Vegvesenet det som stabilt nok til å byrje rydding i morgon, torsdag. Det regnar tungt i området og det vil òg regne i natt. Dette kan vere med på å løyse ut det som framleis er ustabilt.

Men geolog Espen Eidsvåg trur ikkje at nokre store blokker vil lausne no.

– Det er ein del småblokker som er lause, dei vil sannsynleg stoppe i ura lenge før vegen, seier Eidsvåg.

Stengt i fleire dagar

Det er framleis usikkert kor lenge E16, hovudvegen mellom Austlandet og Vestlandet, vil vere stengt. Det kjem an på kor mykje stein som vil komme laust frå fjellsida, og kor lang tid det vil ta å rydde vegtraseen.

Dersom geolog Eidsvåg vurderer sida som stabil, torsdag morgon, vil rydding av vegen byrje.

Fungerande avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Ingar Hals, trur framleis at det vil ta dagar å rydde vegen.

– Det vil ta fleire dagar, kanskje to-tre dagar, seier Hals.

Bakgrunnen for at dei no har spyla fjellsida er at geologane trudde at fleire hundre kubikkmeter med lausmassar låg att over rasstaden i Gudvangen, og at det derfor var fare for at det kunne gå fleire ras. Etter spylinga ser det altså ikkje like laust ut, som dei først trudde.