Hopp til innhold

Fryktar reiselivstap grunna Gudvangen-ras

GUDVANGEN (NRK): Men Olav Hylland, som driv Gudvangen Fjordhotell, meiner området no er mykje betre førebudd på hendingar som steinraset i Gudvangen tysdag enn tidlegare.

Olav Hylland

DRIV GUDVANGEN FJORDHOTELL: Olav Hylland håpar raset skal få små konsekvensar for reiselivet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det gir som vanleg store konsekvensar. I løpet av dagen vil vi ha mista nokre hundre besøkande i grottene, ein del lunsjar og sikkert nokre overnattingar. Men det er jo ikkje noko nytt for oss, fortel direktør for Gudvangen Fjordhotell i Gudvangen, Olav Hylland.

Hylland fortel at han har høyrt frå fleire som ikkje kjem seg til Gudvangen, fordi E16 mellom Voss og Gudvangen er stengt. Ingen personar vart skadd i raset, som gjekk i 17-tida tysdag. Vegen mellom Gudvangen og Flåm er no open for trafikk. Men vegen mellom Gudvangen og Voss vil truleg vere stengt til over helga.

– Forhåpentlegvis blir det ikkje som tidlegare år. Vi er betre førebudd i området og har ein mykje større rutekapasitet på fjorden no.

Frykta ekstreme konsekvensar

Hotelleigaren fortel at han frykta det verste då han høyrde om raset.

– Eg var på hotellet og tenkte mine verste tankar. Vi har hatt nokre større ras lenger oppe i dalen som har ført til stengd veg nokre dagar, og det gav ekstreme konsekvensar for trafikken.

Det håpar han altså at ein skal sleppe den her gongen.

– No har vi større kapasitet på fjorden. Det må vi takke oppbygginga av dei lokale båtselskapa for.

E16 mellom Gudvangen og Voss er stengd av eit steinras. Foto: NRK-tipsar

MIDT I RASET: Denne NRK-tipsaren hamna midt i raset i Gudvangen tysdag.

– Har hatt fleire ombookingar

Til trass for at Hylland både trur og håpar at båtane i fjorden kan hjelpe ein del av dei som skal til og frå Gudvangen, fortel han at hotellet allereie har merka konsekvensane.

– Vi har hatt fleire ombookingar og slikt. Det er folk som ikkje kjem seg ut av Gudvangen og folk som ikkje kjem seg inn.

Og han fryktar det skal bli verre i tida framover.

– Konsekvensane er ikkje på det største no, men det vil ein vel sjå meir av.

ras
Foto: NRK

Turistane Hylland har vore i kontakt med har derimot ikkje vore bekymra for eiga helse.

– Dei fleste er nok meir fortvilte fordi dei ikkje når flya sine eller neste destinasjon.

– Ein av konsekvensane av å vere på vestlandet

No håpar Hylland at folk får med seg at det framleis er mogleg å komme seg til Gudvangen.

– Heile området er ikkje stengd, det vil og bør fungere normalt. Eg berre håpar at vegvesenet får informert riktig, slik at folk får vite om omkøyringane, seier han.

Ras og stengde vegar er ikkje uvanleg på vestlandet. Men Hylland trur det er vanskeleg å gardere seg heilt mot hendingar som i går.

– Rassikring på vestlandet er sjølvsagt eit tema. Men akkurat der raset var ser eg ikkje heilt korleis ein kan gjere noko. Det er ein av konsekvensane av å vere på vestlandet, fortel Hylland.