Hopp til innhold

Gjennombrot i kreftforsking: På eitt døgn kan legane finne ut om cellegifta fungerer

Menneske med blodkreft kan spare dyrebare veker med unødvendig behandling. Forskarane bak meiner metoden kan overførast til fleire typar kreft.

Forskar Benedicte Sjo Tislevoll, UiB

LIV OG DØD: Kreftforskar Benedicte Sjo Tislevoll har leia studien. Med de nye metoden kan dei få svar innan eit døgn på om behandlinga fungerer. Dei har kjøpt pasientane tid. Den ekstra tida kan ofte vere skilnaden på liv og død.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Framleis er Øivind Choe Levinsen (55) frå Haugesund prega av den kraftige behandlinga han har vore gjennom.

Då blodkreften vart oppdaga, gjekk det berre timar før han var på cellegift.

Men det gjekk veker før dei kunne vere sikre på at den hadde ein effekt.

– Det var ein kraftig kur. Og det var heilt nødvendig for meg. Utan hadde eg ikkje vore i live i dag.

For over halvparten av dei med same krefttype som Levinsen verkar ikkje behandlinga som den skal.

Det er ein krefttype der dei fleste ikkje blir friske.

Øivind Choe Levinsen

Øivind Choe Levinsen fekk blodkreft. Då den vart oppdaga gjekk det berre timar før han var på cellegift. Men det tok veker før han visse om den hadde effekt.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Kan få svar innan eit døgn

I Labratoriebygget på Haukeland universitetssjukehus i Bergen kan dei ha funne svaret på korleis pasientar med akutt blodkreft kan få ein meir treffsikker behandling.

Tidlegare har pasientane berre måtte vente på om cellegifta ville ha effekt på dei. Dei fekk ikkje svar på dette før etter veker eller månader med belastande behandling.

No har forskarane funne ut at eit protein i kreftcellene i blodet oppfører seg annleis hjå pasientar der cellegifta ikkje fungerer. Då vert det meir av dette proteinet.

Med denne metoden kan dei få svar innan eit døgn på om behandlinga fungerer. Dei har kjøpt pasientane tid. Ein mogelegheit til å prøve andre behandlingsmetodar.

Den ekstra tida kan ofte vere skilnaden på liv og død.

– Det kan få sjansane til å overleve kraftig opp hjå pasientar som har særs dårlege prognosar, seier Benedicte Sjo Tislevoll.

Ho er stipendiat og kreftforskar på Universitetet i Bergen. Ho har leia studien som er gjort i Bergen og i Oslo. Forskargruppa er ein del av Universitetet i Bergen si forsking på kreftmarkørar.

Nyleg vart den publisert i det kjende medisinske tidsskriftet Nature Communications.

Benedicte Sjo Tislevoll, UiB

Kreftforskar Benedicte Sjo Tislevoll trur prinsippa kan overførast til andre krefttypar. – Dette er potensielt stort. Det er eit privilegium å få jobbe med dette temaet, seier ho.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Skadeleg om det ikkje fungerer

Kunnskapen om reaksjonane til proteinet kan bety mykje for arbeidet mot fleire typar kreft.

– Me trur dette kan lære oss noko om korleis kreftcellene beskyttar seg mot cellegift, seier Tislevoll.

Det kan vere store skilnader på sjukdomen mellom pasientar med same type kreft. Det er mykje fordi det er ulike mutasjonar av kreftcellene.

– Då kan me betre skreddarsy behandling for dei som ikkje har nytte av cellegiftbehandling. Det er skadeleg for pasientane å få slik behandling om den ikkje fungerer.

Metoden er utvikla for akutt blodkreft, ein type kreft kring 150 nordmenn får kvart år. Forskarane voner dei raskt kan ta den i bruk til alle former for leukemi.

I tillegg meiner dei at prinsippa kan overførast til andre krefttypar.

– Dette er potensielt stort. Det er eit privilegium å få jobbe med dette temaet.

Tislevoll skal seinare i år disputere for doktorgrad i emnet.

– Hadde kanskje gitt færre biverknader

Neste steg for å få metoden til å bli ein del av den vanlege kreftbehandlinga er å forske meir.

Resultata må stadfestast, eller validerast, på fleire enn dei som har vore ein del av forskingsprosjektet til no.

Mellom dei 32 som har latt seg forska på til no er Øivind Choe Levinsen, som no er frisk.

– Hadde denne metoden vore tilgjengeleg då eg vart sjuk, kunne eg kanskje ha fått ein mildare og meir treffsikker behandling, ein med færre biverknader.

Han er glad for å ha bidratt til eit forskingsprosjekt som han har stor tru på. Til ein metode som kan skaffe litt ekstra tid til dei som treng den aller mest.

Øivind Choe Levinsen (55)

Øivind Choe Levinsen trur den nye metoden kunne ein mildare og meir treffsikker behandling. Ein med færre biverknader. Den var ikkje tilgjengeleg når han vart sjuk.

Foto: Thomas Halleland / NRK