– Vi har påpeika ein automatikk i samband med at ein tek av brannsløkkingsapparat, så styrer ein retninga på ventilasjonen. Og vi har gitt eitt sikkerheitskritiskvarsel på det, seier Rolf Mellum, avdelingsdirektør i Statens Havarikommisjon.
Dei har granska kva som skjedde og kva som kunne vore gjort annleis då det 11. august 2015 byrja å brenne i ein svensk turistbuss inne i den 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen. 37 personar vart evakuerte, fem personar vart skada, fire av dei alvorleg.
Då det byrja å brenne i tunnelen vart røyken leia i retning Flåm, men då bussjåføren fjerna brannsløkkingsapparatet inne i tunnelen, vart røyken automatisk sett til å gå i retning Gudvangen. Der var også den retninga det var flest trafikantar. I rapporten står det:
"Automatikken, som er brukt i flere av de lengste tunnelen i Norge, utsatte trafikanter nærmest brannstedet for større fare og reduserte deres muligheter for selvredning. Det påvirket også VTS og brannvesenet sin situasjonskontroll i en tidlig fase".
Havarikommisjonen tilrår no at vegvesenet endrar automatikken og sørgar for at ventilasjonsstyringa ivaretek trafikantane sine moglegheiter for sjølvredning.
KRITISK: Rolf Mellum er avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon, dei har funne fleire ting som bør gjerast betre.
Foto: Statens Havarikommisjon- Les også:
- Les også:
Vegvesenet har gjort endringar
Bakgrunnen for at systemet har fungert som det gjorde i Gudvangatunnelen i 2015 er at brannvesenet ynskjer å kome raskast mogleg til staden og ha frisk luft i ryggen. Regionsjef i vegvesenet, Helge Eidsnes, seier dei no ser på måtar å gjere om på den automatiske styringa.
- Vi har faktisk endra på desse rutinane. I nye tunnelar er det heilt andre styringsmåtar, der ventilasjonen ikkje automatisk blir snudd. Vi ser på korleis gamle tunnelar kan bli oppgraderte for å gjere om på systemet. Vi har ein løpande dialog med brannvesenet for å få på plass best mogleg tiltak i kvar tunnel, seier Eidsnes.
ENDRING: På bakgrunn av erfaring har vegvesenet allereie endra det automatiske styringssystemet for ventilasjon i tunnelar, seier regionsjef Helge Eidsnes.
Foto: Arne VeumBetre i 2015 enn i 2013
Brannen i Gudvangatunnelen var den andre på to år. Då tok eit polsk vogntog fyr. 28 personar fekk alvorlege røykskadar, og mange fekk både fysiske og psykiske seinskadar.
Då fekk brannvesenet kritikk for at dei styrte ventilasjonen i den retninga der det stod flest folk og bilar inne i tunnelen. Havarikommisjonen peika også på dårleg informasjon til dei innesperra, dårleg kommunikasjon og tilrettelegging for å berge seg ut av tunnelen. Mellum seier at situasjonen er noko betre denne gongen.
– Trafikantane kom betre ut, og ein gjekk inn og snudde ventilasjonen etter ei vurdering, og det er eit stort framsteg, og ein riktig taktikk som bør vidareutviklast.