Dei forvridde delane frå vraket av helikopteret etter styrten ved Turøy er blitt samla i ein hall på Haakonsvern i Bergen.
Dei neste månadene skal Havarikommisjonen her prøva å få svar på kva som gjekk frykteleg gale, då helikopteret fredag 29. april styrta i Skitholmen ved Turøy, på veg inn mot landing på Flesland.
13 personar omkom i ulukka.
Ikkje avslutta søket
Havarikommisjonen har jobba med å samla inn vrakdelar i hangaren i tre døgn. Vind og regn har vaska fram vrakdelar på ulukkesstaden ved Turøy.
– Det kjem stadig nye komponentar inn, og vi har henta mykje opp frå hav og land, seier direktør i luftfartsavdelinga i Havarikommisjonen, Kåre Halvorsen.
– Vi har plukka med oss mykje, men det er framleis ting igjen. Vi har ikkje avslutta søket, men grunna vêrforholda har vi ein pause no.
- Les også:
Teknisk ulukke
Alle data frå den svarte boksen er henta ut. Dataa er særs viktig for å finna årsaka til ulukka. I dag kan Halvorsen stadfesta at ulukka skuldast teknisk feil ved helikopteret.
– Ulukka kan ikkje skuldast menneskelege feilhandlingar om bord i helikopteret.
– Vi held på å jobbe med delane vi har, og prøver å sortere og få oversikt. Det vi ikkje har oversikt over, er om det manglar viktige vrakdelar, fortel direktøren i luftfartsavdelinga.
- Les også:
NRK har tidlegare skrive om at helikopterpilotane aldri rakk å slå alarm. «Alt ok» skal ha vore siste melding frå pilotane inn til flytårnet på Flesland, då flyet nærma seg land etter overfarten frå Gullfaks B i Nordsjøen.
Vil ta tid før alle svar ligg føre
Alle system som er knytt til rotor er viktig for Havarikommisjonen no. Dei reknar med å starte innsending av delar til heimebasen i morgon for vidare undersøking.
Tidlegare har dei vurdert at ein konklusjon vil ligga føre om kring 12 månadar.
– Vil det kome ein førebels konklusjon om årsaka?
– Ja, så snart vi veit noko, seier Halvorsen.