Hopp til innhold

Hauststorm i vente – fare for flaum

– No blir det klissvått på Vestlandet sør for Stad, varslar meteorologane.

Varselkart flom

FUKTIG: Det blir ei våt helg når den første hauststormen veltar innover Vestlandet.

Foto: Meteorologisk institutt

Det er venta mykje regn i helga, og NVE har derfor sendt ut varsel om fare for flaum i store deler av Sogn og Fjordane.

– No blir det klissvått på Vestlandet sør for Stad. Somme stader skal det bøtte ned 120–140 mm i løpet av helga, varslar Meteorologane på Twitter.

Faren er spesielt stor i vassdrag som alt har stor vassføring.

Vatn i vegen inn til Mørkridsdalen etter flaumen i Luster

FLAUM: Slik såg det ut i 2018 under flaumen i Mørkridsdalen i Luster.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Uskadde etter velt

I Måløy er det også venta liten kuling fram til søndag. Fredag velta ein varebil på Kråkenesfjellet på Vågsøy i Kinn kommune.

– Det var to personar i bilen, dei var uskadde og hadde blitt henta av nokre andre. Deretter bestilte dei bilbergar sjølve, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Politipatruljen hadde møtte dei to ved ein butikk for å prate med dei etter hendinga. Det er ikkje mistanke om rus.

– Dette er eit vêrhardt område, og dette er årets første hauststorm, seier han.

Bubil velta på Kråkenesfjellet

VELT: Denne varebilen fekk hard medfart på Kråkenesfjellet i Kinn kommune.

Foto: Torfinn Kråkenes

Fest lause gjenstandar

Vakthavande hydrolog hos NVE, Thomas Væringstad, ber folk følgje med og sikre eigedomane sine.

– Følg med på situasjonen sjølv om det kanskje er dei større vassdraga som er mest utsett denne gongen. Men det er lurt å følgje med på lause gjenstandar eller om det er kjente problem med at det er overfløyming langs vassdrag, seier han.

Sjølv om farevarselet er på gult nivå, som er det lågaste, seier Væringstad at det er ein indikasjon på at det blir mykje vatn i ein del elvar.

Statsmeteorolog Magni Svanevik stadfestar at det blir mykje regn i helga, og det kan bli tore fleire stader på Vestlandet.

– Den første runden vi får i dag og så blir det bygevêr utover helga. Så samla sett mykje regn, opp mot 140 mm i løpet av helga, seier ho.

Det er også farevarsel på yr.no om stiv eller sterk kuling fleire stader langs kysten.

Laster Twitter-innhold