Hopp til innhold

Har kontroll på påsketrafikken

Fjord1 melder om god flyt i trafikken, trass i at fredag er ein stor utfartsdag.

Lavik ferjekai

GOD FLYT: Slik såg det ut ved Lavik ferjekai fredag rundt klokka 18.00.

Foto: Anna Gytri / NRK

På ferjesambandet mellom Lavik og Oppedal har det tidlegare denne veka vore fleire problem med ferjene, men no ser alt ut til å gå i orden. Fredag har Fjord1 sett inn «MF Gulen» som ekstraferje på strekka for å ta unna trafikken.

– Her er det stor trafikk og mykje bilar, men det går greitt unna når vi har suppleringsferja. Når den eine ferja gjekk no kunne dei attståande bilane køyre rett om bord i neste, så i realiteten er det nesten ikkje ventetid, seier Arild Frislid Solheim, vakthavande ved Fjord1.

Har kontroll

Også mellom Mannheller og Fodnes er trafikken under kontroll, ifølgje Solheim. Nokre få bilar måtte stå att og vente tidlegare fredag ettermiddag, men no ser alt ut til å vere under kontroll.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lavik-Oppedal

TEK UNNA: Ferjene MF Selje (til venstre) og MF Gloppen klarar førebels å ta unna trafikken mellom Lavik og Oppedal, med god hjelp frå MF Gulen som ekstraferje.

Foto: Anna Gytri / NRK

Trass i ein god flyt i trafikken, merkast det likevel at påskeferien har starta.

– Det største trykket merkar vi ved Lavik-Oppedal. Her går alle ferjene fulle, noko som tyder på stor trafikk. Slik vil det nok vere fram til klokka 20–21 i kveld, seier Solheim.

Forventar meir trafikk

Han forventar også mykje trafikk utover i påska.

– I dag er jo den store utfartsdagen, men vi reknar med det vil stabilisere seg frå i morgon og fram til onsdag. I sjølve påskehelga ventar vi stor utfart, seier han.

Også onsdag vil Gulen gå som suppleringsferje mellom Lavik og Oppedal, og truleg også gjennom påskehelga. Fredag kveld vil det vere ekstraferje fram til klokka 22.00 på strekka.