Ho er svært glad for at Kailash Satyarthi er tildelt Nobels fredspris saman med Malala Yousafzai.
- LES OGSÅ:
Hjetland kjenner Satyarthi etter mange års samarbeid i styret for Global Campaign for Education.
– Der har han vore styreleiar og eg har site i styret, vi har vore saman på møte i mange land. No er altså Satyarthi fredsprisvinnar.
– Eg tykkjer det er strålande med ein nobelpris med fokus på jenter og på utdanning. Begge fredsprisvinnarane er verdige vinnarar, seier Helga Hjetland.
– Stort personleg mot
Då leiar Thorbjørn Jagland i Nobelkomitéen grunngav tildelinga, sa han dette om den indiske fredsprisvinnaren:
– Med stort personleg mot har Kailash Satyarthi, i tradisjonen frå Gandhi, leia ulike former for protestaksjonar og demonstrasjonar, alle fredelige, for å rette søkelyset mot grov utnytting av barn for økonomisk gevinst.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Tøff kamp
Helga Hjetland er imponert over arbeidet til Satyarthi.
– Det har imponert meg i alle dei åra eg har kjent han, at han så utan omsyn til eiga inntekt og eige liv har kjempa for rettane til barn i kampen mot barnearbeid i India.
– Det er ein ganske tøff kamp, for kapitalismen har ført til at ungar i India blir utnytta på det grovaste i arbeid. Dei får ikkje gå på skule og dermed få sjansen til utdanning og eit betre liv. Den kampen har Kailash ført intenst og skikkeleg og med store offer personleg.
Ho fortel at Satyarthi har brukt alle kreftene sine på å berge ungar frå fattige liv og gje dei utdanning. Han har ikkje hatt tid til å ha eit inntektsgjevande arbeid. Hjetland rosar dei menneskelege eigenskapane til fredsprisvinnaren.
– Han er varm, han er nær, og han er ein som bryr seg om deg personleg. Han er ein veldig vennleg mann. Når det har vore konfliktar i styret har han vore veldig løysingsorientert. Vi har og snakka personleg saman etter styremøta.
Tilfeldig møte i Dehli
Men siste gongen ho trefte Satyarthi må kallast eit slumpetreff.
– Eg trefte han på gata i Dehli i fjor, og det å treffe ein person ein kjenner frå før tilfeldig på gata i Dehli må vel kallast å finne nåla i høystakken. Men det var veldig hyggeleg, og han inviterte meg heim til seg og kona.