Hopp til innhold

Dette fekk ikkje konsekvensar for laksen

Laksen i Etneelva har mest sannsynleg sloppe med skrekken. Ein semitrailer med 29 tonn søppel stupte utfor vegen og ned i lakseelva torsdag. – Det skal ikkje ha ført til skade på laksen, seier forskar.


Det er så langt uvisst kor store miljøkonsekvensane blir i Etneelva, etter trailervelten i går.

SJÅ VIDEO: Dei 29 tonna med hushaldningsavfall og bleier skal ikkje ha gjort skade på laksen i den kjende Etneelva.

Det var torsdag ettermiddag at semitraileren køyrde utfor E134 tre kilometer aust for Etne sentrum. I lasten var det store mengder søppel frå Stord som skulle til Oslo.

I samanstøytet med elvebotnen under brua sprakk dørene på traileren opp og fleire tonn søppel byrja å flyte i Etneelva, som er ei av dei 37 nasjonale laksevassdraga i landet.

I heile natt og fredag har oppryddingsarbeidet gått føre seg, men ingen veit kor omfattande skadane er.

– Det er knytt stor uvisse til det. Det kan vere ting i søppelet som er uheldig for fisken, sa dagleg leiar Vidar Børretzen i Etne elveeigarlag til NRK tidlegare i dag.

Har sloppe med skrekken

Men forskar Øystein Skaala ved Havforskingsinstituttet seier til NRK fredag kveld at det ser ut som det likevel har gått nokså bra for laksen i den kjende elva.

– Lukka har vore betre enn forstanden. Så langt som me veit no så skal ikkje dette ha ført til skade på laksen eller på fiskefella i elva.

Det var lenge frykt for at dieselsølet frå vogntoget kunne ta livet av fisken i lakseelva. Men so langt er det altså ikkje teikn til det.

– Vi har ikkje sett død fisk her, og mest sannsynleg har dieselen allereie fordampa, fortel Børretzen.

Skryt av ryddemannskapa

Skaala i Havforskingsinstituttet er særs imponert over arbeidet til mannskap frå kommunen, Sivilforsvaret og Røde Kors.

– Dei kom veldig raskt i gong med å rydda opp, og det er veldig imponerande, seier han og legg ikkje på skjul på at det har vore viktig i høvet til livet i elva.

Kommunen vil førebels betala for oppryddinga, men håpar at forsikringsselskapet kan ta rekninga til slutt.

– Det vi er oppteken av no er å rydda opp. Så får det kosta det det kosta vil, me er pliktige til å rydda opp, slår ordførar i Etne, Sigve Sørheim (Sp), fast.

Kunne gått verre

Trailervelt i Etneelva

KNUST: Den eine sida av førarhuset er nesten knust etter utforkøyringa. Traileren blei henta opp av elva i natt.

Foto: Egil Torheim / NRK

Sjåføren av semitraileren var ein mann i 30-åra frå Romania. Han sat i går i avhøyr med politiet, men han hadde ingen god forklaring på kvifor han hamna utanfor E134. Han slapp unna ulukka med nokre kuttskadar, men dei materielle skadane på traileren syner at det kunne gått langt verre.

Køyretøyet blei berga opp av elva i natt til fredag, og det synte at førarhuset var kraftig samantrykt på passasjersida.

– Heldigvis var det ikkje passasjer i bilen, då kunne utforkøyringa fått eit tragisk utfall, seier dagleg leiar Ove Turtveit i Røldal Bilberging.

Treng framleis hjelp

Det trengst framleis stor hjelp frå friviljuge til å rydda opp i alt søppelet i elva.

– Eg er stygt redd for at me må slita med dette ei stund. Me prøvar å gjera så godt me kan no, og så ynskjer me at friviljuge melder seg, seier ordførar Sørheim.

Det er uvisst kor lang tid det vil ta å få fjerna dei store mengdene.