Hopp til innhold

Slik ser det ut i den kjende lakseelva

Bossmengda i Etneelva er så stor at elveeigarlaget kallar inn til dugnad.

Det flyt av hushaldningsavfall nedover elva etter at ein semitrailer køyrde utfor og hamna i elva i går ettermiddag.
Det er framleis store mengder søppel i den kjende lakseelva i Sunnhordland, sjølv om 30 personar har rydda i elva i heile natt.

VIDEO: Søppelrydding i Etneelva (Foto/reporter: Egil Torheim).

Maskiner ryddar boss i Etneelva

MASKINRYDDING: Både gravemaskin og kranbil jobbar med å fjerna søppel frå Etneelva.

Foto: Egil Torheim / NRK

– Det blir organisert frivillig opprydding i og langs elva etter uhellet med bossbilen på torsdag, skriv elveeigarlaget på nettsidene sine.

Det flyt av hushaldningsavfall nedover elva etter at ein semitrailer køyrde utfor og hamna i elva i går ettermiddag.

Det er framleis store mengder søppel i den kjende lakseelva i Sunnhordland, sjølv om 30 personar har rydda i elva i heile natt.

Dugnad fredag og laurdag

– Alle som kan vera med på dugnad kan møta på Røde Kors-huset fredag frå klokka 16 eller laurdag frå klokka 10, seier leiar Vidar Børretzen til NRK.no.

Folk blir bedne om at ta med støvlar, jernrive og redningsvest.

– Dei som har biltilhengar, traktor med tilhengar eller traktor med frontlessar blir bedne om å ta med dette, skriv elveeigarlaget.

Stor oppryddingsjobb

Boss i Etneelva

PÅ BOTNEN: Plastposane med restavfall har sett seg fast i botnen fleire plassar nedover elva.

Foto: Egil Torheim / NRK
Vidar Børretzen

LEIAR: Vidar Børretzen er dagleg leiar i Etne elveeigarlag.

Foto: Egil Torheim / NRK

Det er uvisst kor lang tid det vil ta å rydda i elva.

– Vi må vurdera utover dagen kva vi gjer vidare. Vi må få ein oversikt når det lysnar og legga ein plan, sa ordførar Sigve Sørheim i dag tidleg.

– Det har danna seg ein holme av søppel midt ute i elva, seier NRK-reporter Egil Torheim like før klokka 9.

Det er så langt usikkert kva følgjer uhellet får for miljøet i elva.

– Heldigvis har vi ikkje sett daud fisk i elva enno, seier Vidar Børretzen, dagleg leiar i Etne elveeigarlag.

Store skadar på bru i Etne

SKADD BRU: Traileren øydela brua då han køyrde utfor og hamna i Etneelva.

Foto: Egil Torheim / NRK
Ryddemannskap i sving i Etneelva.

VIDEO: Ryddar søppel i Etneelva.