Hopp til innhold

Han har følgt favorittlaget i 868 kampar – kan miste gullkampen

Denne våren skulle Liverpool-supporterar feire eit etterlengta seriegull. No er supporterleiaren usikker på kva som skjer. – Det er lov å sakne fotballen, men det kjem i andre rekke.

Tage Herstad og Jürgen Klopp

868: Den eine av desse to har følgt Liverpool i over 850 kampar. No kan han misse den kampen der Liverpool tek seriegull for første gong på 30 år.

Foto: privat

Alt såg ut til å gå deira veg. Etter 30 år skulle Liverpool ta sitt første ligagull. Så kom koronaviruset til Europa.

– Det er litt typisk oss, det er alltid noko som må skje.

For nesten 20 år sidan flytta Tage Herstad til Liverpool for å følgje laget sitt. 868 kampar på rad, frå tribunar over heile verda, har han følgt laget.

– Det er litt teit å snakke om fotball no, men det viser jo det viktigaste av det uviktige.

Skulle bli ein folkefest

No er all fotball sett på vent, medan det engelske fotballforbundet jobbar på spreng med å finne ein plan for korleis serien skal avsluttast.

– Det er jo veldig usikkert kva som skjer no, seier Sven Bisgaard Sundet.

Saman med Tete Lidbom leiar han NRK-podkasten Heia Fotball.

– Det kan bli kansellert og nullstilt, eller at dei skal spele alle kampane i ei form for oppsamling.

Han meiner det uansett ikkje er noko tvil om kven som er årets vinnar.

– Veldig mange United-supporterar, meg sjølv inkludert, meiner jo at Liverpool er den faktiske vinnaren. Det er greitt, dei vann denne sesongen.

Logo for NRK-podkasten "Heia fotball" med Sven Bisgaard Sundet og Tete Lidbom.

UNITED: Programleiar Sven Bisgaard Sundet trur det blir mest tricky å avgjere kven som skal rykke opp og ned.

Store konsekvensar

– Det er likt for alle, seier Herstad og peiker på dei uante konsekvensane.

– Du har lag som kjem til å rykke ned, som det kanskje er viktigare for finansielt.

Dei økonomiske konsekvensane for eit lag på å rykke opp eller ned i divisjonssystemet kan vere eitt «vere-eller-ikkje-vere».

Privatpersonar har betalt tusenvis av kroner for å vere med på feiringa av gullet Liverpool skulle vinne.

– Eg veit om folk som har betalt 20.000 kroner for å få med seg siste kampen, fortel Herstad. – I tillegg har folk betalt 15.000 kroner for hotell, berre for å vere med på festen i byen.

Liverpool sin norske supporterklubb skulle denne våren ha fleire turar til England. Det skulle vere ein parademarsj mot gullet. Over 1000 personar har no fått beskjed om at det truleg ikkje skjer.

– Det er lov å sakne fotballen, men den kjem i andre rekke no, seier dagleg leiar i Liverpool sin norske supporterklubb, Tore Hansen.

Tore Hansen

TEK GULL: – Liverpool tek gullet, det er ikkje tvil. Dagleg leiar i den norske supporterklubben til Liverpool, Tore Hansen, er ikkje i tvil.

Foto: LFCSCN

Han seier fleire er spente på kva som skjer.

– Folk ringer, berre for å prate. Det er fordi dei er nervøse. Det er for å få ut spenning, frustrasjon.

Første opprykk på 20 år

Også andre supporterar må vente i spenning, til dømes Leeds-supporter og florøværing Bengt Solheim-Olsen. Sidan 2004 har Solheim-Olsen venta på dagen dei skulle rykke opp att til Premier League.

2. mai skulle han stå på Elland Road og feire opprykk saman med vel 35.000 Leeds-supporterar.

Bengt Solheim-Olsen

ANTIKLIMAKS: Bengt Solheim-Olsen skulle helst ha vore på Ellen Road når Leeds rykker opp, men må kanskje sjå kampen på pc-en.

Foto: privat

– Det er jo eit antiklimaks dersom dei no, etter 20 år, skal rykke opp medan eg sit heime og ser kampen på pc-en, seier ein lett oppgitt Solheim-Olsen.

Sju turar har han hatt til balløya berre denne sesongen, omtrent 45 turar dei siste fem åra.

– Mange har det vanskeleg no, og då hadde kanskje fotballen vore medisin.

Psykolog Peder Kjøs trur mange saknar hobbyane deira i denne spesielle tida.

– Eg tenker det er kjempedumt at folk misser aktivitetane sine, det som er utgangspunktet for det sosiale livet. Det er ei belastning, men heldigvis går dette over.

Peder Kjøs

SAKNET: Psykolog Peder Kjøs seier ei god løysing no kan vere å snakke om kor mykje ein saknar fotballen.

Foto: Andris Søndrol Visdal

Bruk tida

Heia Fotball-gjengen seier dei har fått mange tips til kva dei fotballfrelste no kan gjere for å bruke tida godt.

– Vi høyrer folk samlar seg i facetimegrupper og ser gode kampar i reprise saman, det er jo kjempegøy, seier Sundet.

Korleis den engelske serien no skal avsluttast er usikkert. Eit alternativ er å spele kampane ferdig utan publikum.

Tage Herstad blir truleg å finne på kampane til Liverpool, uansett.

– Eg skal gjere alt eg kan for å vere der, kanskje eg kjem ned i fallskjerm, kanskje er eg førstehjelpar eller eg er på jobb for TV 2, flirer Herstad.