Hopp til innhold

Fastslår at folk i leiinga baksnakka tilsette i brannvesenet på Haugalandet og i Sunnhordland

Ei faktaundersøking viser at personar i leiinga har brote arbeidsmiljølova ved å baksnakka brannfolk i ei Messenger-gruppe. No beklagar sjefen.

Brannvesen på staden

BRANN: Slik såg det ut då ein låve starta å brenna i Skånevik i 2020. Ei Messenger-melding antyda at brannmannen hadde starta brannen sjølv.

Foto: Privat

RETTING: NRK endra tittelen 11. mars 2022 for at den skal bli meir presis.

Alle dei rundt 350 tilsette i det interkommunale selskapet Haugaland brann og redning blei informerte om funna på eit allmøte onsdag kveld.

Meldingar frå ei lukka chat-gruppe på Messenger lak ut i fjor sommar.

I gruppa deltok fleire leiande posisjonar i selskapet, som består av åtte kommunar på Haugalandet og i Sunnhordland.

Det eksterne selskapet Arbeidsmiljøspesialistene har undersøkt påstandar om mobbing på sosiale medium.

No er det funne brot på arbeidsmiljølova, i form av krenking av integritet og verdigheit.

– Eg beklagar at det er oppstått brot på arbeidsmiljølova overfor enkelte tilsette i selskapet. Dette tek me på høgste alvor og det vil bli følgt vidare opp internt, skriv Dag Botnen, brannsjef i Haugaland brann og redning IKS, i ei pressemelding.

Les også Ei Messenger-melding antyda at brannmannen hadde starta brannen sjølv

Låve brann ned i Skånevik.

– Respektlaust og krenkande

Brannfolk i Etne, Suldal og Vindafjord meiner varsla ikkje er godt nok handtert, at det har teke for lang tid, og at dei ikkje har blitt trudd.

Både Haugesunds Avis, Grannar og Suldalsposten har skrive fleire artiklar om dei store utfordringane i det interkommunale brannsamarbeidet.

No innrømmer altså selskapet at baksnakking har førekome.

– Dette har hendt som baksnakking av andre på ein respektlaus og krenkande måte i ei lukka Messenger-gruppe, skriv Botnen.

Brannsjef i Hallingdal Dag Botnen

BEKLAGAR: Dag Botnen, brannsjef i Haugaland brann og redning IKS, beklagar at det har hendt baksnakking.

Foto: Gunnar Grimstveit

Til no har 18 av 28 av dei tilsette ved brannstasjonane i Etne har sagt opp, som i praksis inneber at kommunen går mot ei beredskapskrise.

Vil ikkje svara på om meldingane er ekte

Ei rekkje meldingar er leke ut frå den lukka Messenger-chatten.

– For dei involverte er dette ei tilleggsbelastning, skriv brannsjef Botnen i pressemeldinga.

Lukka chatgruppe som skulda for å fyrt på.

CHAT-GRUPPE: Dette skal vera innhaldet i ei lukka chat-gruppe på Messenger, som er retta mot Tore Tendal.

Foto: Skjermdump

NRK veit at det i tillegg er gjennomført ei faktaundersøking av meldingane. Bakgrunnen er påstandar om at dei delte meldingane ikkje samsvarer med dei originale Messenger-meldingane.

Botnen vil ikkje dele resultatet av denne faktaundersøkinga med NRK.

– Selskapet treng ro for å jobba med handteringa av dei funna som er gjort, og ynskjer ikkje å kommentera ytterlegare utover det som er lagt fram i pressemeldinga i går, skriv Botnen til NRK torsdag.

Tore Tendal og Rune Håheim er blant dei som har sagt opp stillingane sine.

Dei seier til NRK at faktaundersøkinga ikkje endrar valet om å slutta.

Brannfolk i Etne. Må finna ut kven som står kvar.

SLUTTAR: Ole Martin Grindheim og Rune Håheim ved Etne brannstasjon har sagt opp stillingane sine.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Ordførarane informert

Ordførarane i dei åtte eigarkommunane i Haugaland brann og redning blei informerte om funna i faktaundersøkinga tysdag.

Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) har tidlegare sagt at tilliten til leiinga i brannselskapet er «frynsete» og at dei har brukt altfor lang tid på å prøva å løysa konflikten.