Hopp til innhold

Ei Messenger-melding antyda at brannmannen hadde starta brannen sjølv

Dei siste vekene har 18 av 28 brannfolk sagt opp stillingane sine i protest mot brannleiinga. Tore Tendal (45) fekk nok då han las om seg sjølv på Messenger.

Låve brann ned i Skånevik.

MAI 2020: Tore Tendal og resten av brannvesenet var raskt på plassen og fekk sløkt låvebrannen i Skånevik.

Foto: Privat

I mai 2020 starta det å brenna i ein låve i bygda Skånevik i Etne kommune i Vestland. Brannvesenet kom til staden, og fekk sløkt brannen.

Blant dei på staden var den røynde brannmannen Tore Tendal. Han har dei siste åra vore utrykkingsleiar og stasjonsmeister i bygda med 500 innbyggjarar.

– Eg har ikkje tal på kor mange brannar eg har vore med og sløkt, seier han.

Men det som skjedde etter denne brannen, har fått store konsekvensar for Tendal.

Brannvesen på staden

BRANN: Slik såg det ut då ein låve starta å brenna i Skånevik i 2020.

Foto: Privat

Halvparten seier opp

Brannen i låven vart sløkt, men under overflata i brannkorpset har det ulma i lang tid. No har det gått så langt at brannberedskapen i heile kommunen er i fare.

I løpet av dei siste vekene har 18 av 28 brannfolk, både på brannstasjonen i Skånevik og på brannstasjonen i Etne, sagt opp stillingane sine.

Om kort tid går oppseiingstida ut og krisa er eit faktum for vestlandskommunen.

– Det brenn, for å seia det sånn, seier ordførar i Etne kommune, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp).

I tillegg til å sløkkja brann har brannvesenet også ein viktig funksjon i samband med helseoppdrag og livreddande førstehjelp.

ÅTTE KOMMUNAR MED: Kommunane i raudt er med i samarbeidet. Men no slår det sprekker.

Meiner leiinga ikkje gjer nok

Årsaka til at så mange har sagt opp, er anklagar om mobbing og trakassering frå leiinga i Haugaland Brann og Redning IKS.

Det fortel fleire brannfolk NRK har snakka med.

Fleire gonger har dei varsla om forholda, utan at noko vart gjort, hevdar dei.

– Eg meiner leiinga godtek både dårleg personalpolitikk og trakassering, hevdar Tendal som er ein av til saman ni som har sagt opp i Skånevik.

Berre to brannfolk er då att i den vesle bygda.

Brannfolk i Etne. Må finna ut kven som står kvar.

IKKJE TILBAKE: Både Ole Martin Grindheim (til venstre) og Rune Håheim ved Etne Brannstasjon har sagt opp jobbane sine. Dei vil ikkje komma tilbake.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Konflikt i mange kommunar

– Me vert ikkje høyrde når me påpeiker mobbing og trakassering, seier Ole Martin Grindheim, brannkonstabel og innsatsleiar på Etne brannstasjon.

Han seier opp etter 27 år i jobben.

– Eg har sett 12–15 enkeltsaker som eg vil karakterisera som grovt til mindre grovt, der det skjer ting som ikkje skal skje i eit firma, seier Rune Håheim, stasjonsmeister i Etne.

Han er også inne i oppseiingstida.

Alle hevdar dei å ha gjort sitt for å prøva å betra arbeidsforholda.

Både Haugesunds Avis, Grannar og Suldalsposten har skrive fleire artiklar om dei store utfordringane i det interkommunale brannsamarbeidet.

Også i Suldal og Vindafjord kommune har det komme skuldingar om mobbing og trakassering, utan at nokon har sagt opp.

Etne brannstasjon

MANGLAR FOLK: Om kort tid står brannstasjonen i Etne kommune nesten utan folk. Der har veldig mange sagt opp.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Fekk høyra om chat-gruppe

For Tendal toppa det seg cirka eitt år etter låvebrannen. Då fekk han sjå denne Messenger-meldinga:

Lukka chatgruppe som skulda for å fyrt på.
Dette skal vera innhaldet i ei lukka chatgruppe på Messenger.
Tore Tendal, har sagt opp i Skånevik
Tore Tendal har fått nok, og har no sagt opp som brannmann.
Etne brannstasjon
Styret i Haugaland Brann og Redning IKS undersøker no kva som faktisk har skjedd.

Chat-gruppa skal ha hatt medlemmer med leiande posisjonar i det interkommunale brannselskapet.

Personen som skal ha skrive innlegget ynskjer ikkje å kommentera saka til NRK.

– Eg hadde ikkje tru på at det gjekk an, før eg fekk sjå det sjølv. Eg er sjokkert, seier Tendal.

I august i fjor skreiv han eit langt brev til Arbeidstilsynet, der han varslar om kritikkverdige forhold og brot på arbeidsmiljøloven. Førebels utan å få svar.

– Denne saka vert framleis handsama hos oss, seier Guro Fykse, seksjonsleiar i Arbeidstilsynet.

Eksterne undersøkingar

Dei første varsla om mobbing og trakassering kom allereie så tidleg som mars 2020, og i etterkant har to eksterne selskap undersøkt forholda. Utan å avdekkja brot på lovverket.

Om kort tid er ein rapport, som har undersøkt fakta omkring mogleg mobbing og trakassering av tilsette i sosiale medium, venta. Dette var ikkje tema i dei første undersøkingane.

– Det er komme inn som varsel og er blitt handsama etter selskapet sine retningsliner for varsslingssaker og arbeidsmiljølova. Det er difor det er gjennomført ei faktaundersøking, mellom anna fordi det er hevda at det som er distribuert frå den lukka Messenger-chatten ikkje samsvarar med det som originalt ligg i Messenger-meldingene, seier styreleiar Elling Hetland i Haugaland Brann og Redning IKS.

Brannsjef Dag Botnen erkjenner at situasjonen er vanskeleg. Men at dei tek saka på alvor og gjer det dei kan for å løysa situasjonen.

– Om nokon meiner at varsel ikkje vert teke tak i, så er det ikkje korrekt. Det vert teke tak i, seier han.

Botnen fortel at heile brannvesenet er prega av konflikten.

– Me er nøydd til å finna ei løysing.

Kan ikkje kommentera varsel

NRK har spurt Botnen gjentekne gonger om kva han tenkjer om varsla som har komme om mobbing og trakassering.

Men han svarar det same på kvart spørsmål, nemleg at han ikkje kan kommentera desse forholda, sidan det er varslarsaker.

– Eg kan ikkje gå inn og handsama varsel i det offentlege rom. Dette varselet har me fått hjelp av ein ekstern part til å handtera, og denne jobben går framleis føre seg, seier Botnen.

Brannsjef i Hallingdal Dag Botnen

UROA: Brannsjef i Haugaland Brann og redning IKS, Dag Botnen, seier dei tek problema på største alvor. Og at dei jobbar med ei løysing.

Foto: Gunnar Grimstveit

Ordførar ligg vaken

For ordføraren har situasjonen ført til mange vakenetter.

Ein kommune er pliktig å ha brannberedskap. Difor hastar det også med å finna ei løysing.

– Dette har teke altfor lang tid, og me har ikkje mykje tolmod att, seier ho.

– Har du tillit til leiinga i det interkommunale brannselskapet?

– Tilliten er frynsete, seier ho.

Vakenetter. Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, ordførar i Etne kommune.

LIGG VAKEN: Ordføraren i Etne kommune i Vestland, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, har hatt fleire vakenetter etter at kommunen kan stå utan brannvesen om kort tid.

Foto: Eli Bjelland / NRK