Hopp til innhold

Slik er Dalsfjordsambandet minutt for minutt

Tre månader før det etterlengta Dalsfjordsambandet opnar, kan du no bli med på køyreturen minutt for minutt.

Kjell Eikemo frå Holmedal har filma heile køyreturen frå Dale til Eikenes. No er videoen lagt ut på Youtube slik at alle kan få sjå den. Det var Firda som først omtalte saka. Turen blei filma onsdag denne veka.

– Eg ville gi folk som ventar spent på den nye vegen, ei oppleving av korleis turen er, seier han.

Speeda opp turen

Pensjonisten har tidlegare jobba som transportsjef på Klausen Mekaniske Verkstad. No hjelper han til med å levere utstyr til arbeidarane ved Dalsfjordbrua.

Difor har han blitt kjent med ein del folk og fekk lov å ta seg ein køyretur før vegen er opna for trafikk. Det er først gong han lagar ein minutt for minutt-video.

Han festa eit videokamera under spegelen i bilen og sette seg bak rattet.

– Det var artig å få vere med på dette, og det er litt i tida å lage slike videoar. Sjølve køyreturen tek seks og eit halvt minutt, men på videoen har eg speeda opp tempoet litt slik at eg brukar fem minutt, seier han til NRK.no.

– Ei heilt ny verd

Han og mange andre ventar spent på opninga av det etterlengta sambandet som gjer at ein slepp ferje mellom Askvoll og Dale. Folk har allereie oppdaga videoen på nettet.

– Ja, litt respons har eg fått, sjølv om den ikkje har ligge ute på nettet lenge.

Eikemo fortel at mange gler seg mykje til opninga og at det blir noko heilt nytt når vegen opnar.

– Dette blir ei heilt ny verd og det blir ein ny tid. Særleg når vi skal til Bergen vil vi spare mykje ein tid. Vi slepp å køyre via Førde og dermed blir turen ein time kortare.

Dalsfjordsambandet opnar 14. desember. Brua har eit hengjespenn på 523 meter og brutårna er 101 meter høge. Heile prosjektet er kostnadsrekna til rundt 1,1 milliardar kroner.