Hopp til innhold

Dalsfjordbrua fører til hytteboom

Dalsfjordbrua fører til auka hyttesal i Askvoll. Brua som binder saman Fjaler og Askvoll gjer området attraktivt for hyttebyggjarar.

Ordførarar møtes midtveges på Dalsfjordbrua.

OPNAR I DESEMBER: Brua over Dalsfjorden opnar i desember, men allereie no merkar dei som sel hyttetomter auka interesse.

Foto: Birger Meland / NRK

Milliardbrua står ikkje ferdig før i desember, men allereie no merkar Fjordlagunen Feriesenter ein sterk oppgang i hyttesalet.

Dagleg leiar Cecilie Utne gler seg over utviklinga.

– Brua betyr veldig mykje. Til no har vi selt kanskje ei eller to hyttetomter i året, men berre no i februar-mars har vi selt tre, seier Utne til NRK.no.

Fleire hyttekjøparar

Dalsfjordbrua er for alvor i ferd med å ta form, og når den står klar i desember skal den binde saman to kommunar på ein heilt anna måte enn før. Det dyre prosjektet har vore omstridd, men Cecilie Utne er blant dei som gler seg til den brua står ferdig.

Saman med mannen Rolf har ho satsa millionar på etableringa av Fjordlagunen Ferie- og Fritidssenter i Vårdal i Askvoll.

Ho seier dei merkar godt at området verkar bli interessant for fleire hyttekjøparar.

– Før var det mange frå Førde, men no ser vi at det er fleire som kjem frå Høyanger.

(Artikkelen held fram under biletet)

Cecilie og Rolf Utne

FLEIRE ER INTERESSERT: Cecilie og Rolf Utne opplever at stadig fleire vil investere i hyttetomter.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Gler seg over interessa

Også ordførar i Askvoll kommune, Frida Melvær, er glad for endringane brua fører med seg.

Frida Melvær

GLER SEG: Ordførar Frida Melvær (H) gler seg over den auka interessa for tomter i Askvoll.

– Mellom anna set vi jo veldig stor pris på at etterspurnaden etter hyttetomter og hustomter aukar, seier Høgre-ordføraren.

Ho trur ikkje det er brua åleine som står bak auken i salet, og meiner det er mykje arbeid som ligg bak.

– Det handlar nok om god marknadsføring og at private grunneigarar har bygd ut og lagt til rette og synleggjort dette.

– Eg trur også at det at det opnar seg nye samband og vegar inn til kommunen gjer terskelen for å ta kontakt lågare, seier ordføraren.

Cecilie Utne trur brua vil bety mykje for framtida til Askvoll.

– Vi har ein nydeleg fin kyst, og eg trur folk kjem til å få auga opp for kor bra det er her.