– Eg har hatt som mål å springe under åtte minutt i tre år. Så no satsar eg på å greie det og samstundes vinne heatet.
Han har fleire gonger vore nær å sjå sjutalet først på resultattavla. Mellom anna sprang han på 8.01 på Fana stadion tidlegare i år. No har han god tru på at han med hjelp frå klubbkameraten frå Gular, Per Svela, skal nå målet.
– Sjansen er større no enn nokon gong før til å bli den første frå Sogn og Fjordane som spring 3000 meter på under åtte minutt. Per Svela er den største konkurrenten, og han er i kjempeform, så vi kjem til å vere ganske jamne.
Men sjølv om Marius Vedvik mange gonger har sprunge under den gjeldande krinsrekorden for Sogn og Fjordane, så vil den 38 år gamle rekorden til Svein Førde frå Breim IL på 8.13.1 bli ståande. Grunnen er at Vedvik spring for Gular i Bergen.
- Les også:
- Les også:
Skal samarbeide om å halde farten
Dei spring i eit nasjonalt felt, ein knapp time før sjølve Bislett Games startar. Ein svensk utøvar er med, resten er norske. Vedvik og Svela har løpsopplegget klart.
– Det er ein hare som skal dra i 1600 meter, så skal eg dra ein runde, så skal Svela dra ein runde. Då er det 600 meter att, så då blir det full fart.
3000-meteren startar klokka 18.57, medan Diamond League-delen av Bislett Games kjem i gang 19.45. Vedvik håpar at det likevel skal vere bra med folk på tribunane.
– Det er nok ikkje fullsett når vi spring, men eg trur det blir bra trykk, og det å springe på Bislett er alltid kjekt. Det er første gongen eg spring på Bislett Games, så det blir ei ny erfaring.