Hopp til innhold

Øhlckers skal leie attreisinga av Lærdal etter storbrannen

Tidlegare fylkesrådmann Jan Øhlckers skal vere prosjektleiar for gjenreisinga av Lærdal etter brannen som råka for fire veker sidan.

Jan Øhlckers

SPENNANDE: Jan Øhlckers ser på gjenreise av Lærdal som eit spennande, men krevjande prosjekt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det blir nok ganske krevjande, men samtidig veldig spennande. Det er eit utruleg samfunn dette, der dei står veldig samla og har klare ambisjonar for korleis dei skal komme vidare etter katastrofen, seier Øhlckers.

Men han er klar på at jobben som står føre, langt frå vert lett.

– Dette er som å byggje båt på havet med få handverkarar og lite pengar. Eg trur det er eit godt bilete på den situasjonen vi er i i dag. Vi får håpe vi klarar å byggje heile båten, slik at vi ikkje går til botns, seier Øhlckers.

– Kvifor er det så vanskeleg?

– Vi har ikkje pengar, og vi veit ikkje heilt korleis vi skal gripe det an. Det er svært mange oppgåver som heng i hop med kvarandre, og det skal fungere slik at Lærdal-samfunnet kjem tilbake i normalt virke att så raskt som råd, seier Øhlckers.

Glad for å få røynd mann på laget

I formannskapet hausta han mange lovande ord for å ha teke på seg oppgåva.

Jan Olav Fretland la det fram slik:

– Vår Herre må vere på vår side som har gitt oss ein slik røynd sirkushest.

– Han kan så mykje om prosjektorganisering, så når han skildrar at det me er i gang med er at båten vert til medan me ror, så er det greitt å ha båtbyggjaren med seg, seier Fretland.

– Eg tek det til meg og seier tusen takk. Det får stå for Fretland si rekning, smiler Øhlckers.

Han trur den viktigaste oppgåva hans, i første omgang, vert å organisere eit prosjekt, som kommunestyret no er bedd om å vedta.

– Og så få eit program inn til kommunaldepartementet så raskt som råd, slik at det kan handsamast i revidert statsbudsjett, seier Øhlckers.

Er store summar som må på plass

Øhlckers meiner programmet også må vegen innom Stortinget.

– Eg trur det er fornuftig at dette også vert handsama der. Det er ein nasjonal katastrofe, og eg trur det er viktig at det ikkje berre vert avgjort i departementet, seier Øhlckers.

Men det er snakk om store summar som må på plass for å få bygd opp att alt som forsvann i den store brannen.

– Det er gitt ganske klare løfte om at ein skal stille opp også frå sentrale myndigheiter, så eg reknar med at det vil komme på plass etter kvart, seier Øhlckers.

Fylkesmannen har bedd om oversikt over det som har vore av kostnadar knytt til sjølve brannen og akuttfasen.

– Det var fem millionar kroner, som vi håpar det vert gitt skjønnsmidlar for. Så er det bedd om ei støtte på fem millionar kroner for å komme i gang med sjølve prosjektet. Det er meininga at programmet skal kartleggje og komme med alle kostnadar for heile gjenreise frå A til Å, seier Øhlckers.

Blanding av alvor og lette

I dag var kommunestyret i Lærdal samla til sitt første kommunestyremøte etter storbrannen for fire veker sidan.

– Det er ei blanding av djupt alvor, men også ei slags lette. Me ser at det er så mange som hjelper oss, og det er ein ryddig struktur. No kan me vedta noko som er rett, og det på kort varsel, seier Fretland.

Sjølv om det berre er knappe fire veker sidan bygdesentrumet stod i full fyr, er ting i ferd med å gå seg til i den vesle bygda inst i Sogn.

– Det er kvardag att. Og så skal me finne ut kor fort me på forsvarleg vis kan gå vidare. Heile gjengen har bretta opp ermene, og me er meir på lag. Me er litt høgtidsstemde, me bør ikkje vere usamde, seier Fretland.