Hopp til innhold

Hald på hatten – i helga blir det heftige vindkast

Det kjem til å blafre godt i spøkelsekostymer og heksedrakter når vêrgudane sett inn vindkast på over 30 sekundmeter på halloween.

Kraftig uvêr på veg inn over Vestlandet i helga.

KRAFTIG UVÊR: Fram mot natt til søndag vil vind og uvêr prege vêrsituasjonen langs kysten og i fjellet i Sør-Noreg.

Foto: @meteorologene

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for vind på heile Vestlandet i helga.

Det er venta at det skal blåse sør- og søraustleg sterk kuling utsette plassar, i tillegg at det er venta lokalt kraftige vindkast, seier meteorolog Kristin Seter.

Kristin Seter

STROPP FAST TRAMPOLINEN: Kristin Seter frå Meteorologisk institutt åtvarar mot kraftige vindkast i helga.

Foto: Kamilla Pedersen / met.no

– Fest lause gjenstandar

Ifølgje Beaufort sin vindskala er vinden rekna som sterk storm når vindhastigheita går over 28 meter i sekundet.

Vinden vil kome i kraftige kast og Seter minner folk på at dei må førebu seg på uvêret som kjem.

– Viss du får eit vindkast inn i hagen din kan det fort ta med seg lause gjenstandar, så hagemøblar og trampolinen kan det vere lurt å ta inn for vinteren, forklarer Seter.

Laster Twitter-innhold

Tre lågtrykk

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid frå Meteorologisk institutt kan melde om sterk vind i fjella.

– I fjellet vil det blåse storm frå laurdag ettermiddag til søndag morgon, i tillegg til lokale vindkast på rundt 30 sekundmeter, forklarer Fagerlid.

Geir Ottar Fagerlid

MÅ VERA OBS: Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid seier vindkasta blir kraftigast til fjells og heilt ute med kysten.

Foto: Anders Ekanger / NRK

I tillegg til vinden er det òg meldt om tre lågtrykk fram til måndag. Det første lågtrykket fører med seg vind utsette plassar pluss mykje regn fredag ettermiddag.

– Verst i fjellet

På laurdag vert det opphaldsvêr heilt til vinden og regnet melder seg seint på ettermiddagen.

Då blir det vått og vindfullt til søndag føremiddag, før nedbøren for alvor melder sitt inntog på måndag.

– Vinden kjem til å bli verst i fjellet, så folk som skal kryssa fjellet må følga godt med på vegtrafikkmeldingar i helga, fortel Fagerlid.