Hopp til innhold

Hadde ikkje oversikt over vegane

Tilstanden på vegane var i morgontimane så kaotisk, at Vegtrafikksentralen ikkje hadde kontroll på kva vegar som var stengde og opne.

Dette treet sperra vegen mellom Lunde og Stødno i Lærdal

MANGE TRE: Dette synet møtte mange vegfarande natt til måndag. mange tre har falle over ende og sperrar vegane våre.

Foto: Bente Øien Hauge

– Nei, vi har eigentleg ikkje kontroll. Det er kaotisk, og telefonsambandet er dårleg, sa operatør Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen i Lærdal til NRK.no.

Normalt sett skulle nettsida til Statens vegvesen ha vore oppdatert med status på små og store vegar i Sogn og Fjordane, men det var ikkje tilfelle måndag morgon.

Jobbar for å skaffe seg oversikt

Etter at ekstremvêret Dagmar har herja frå seg, er det meldt om store skader over heile fylket – frå ytre Nordfjord til indre Sogn. Og uvêret har sett sitt preg på vegane.

Det einaste Vegtrafikksentralen kunne konkludere med, er at E39 var ope gjennom heile fylket. Også Riksveg 5 og E16 skal vere opne.

– Utover dette torer vi ikkje seie noko no. Vi jobbar med å skaffe oss oversikt, seier Stadheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dette treet bles over ende i Aurland
Foto: Arne Veum

– Ta det med ro langs vegane

Dei fleste ferjesambanda går måndag morgon som normalt. Einaste unnataka kan vere sambanda Smørhamn–Kjelkenes og Oldeide–Måløy, der vegtrafikksentralen på grunn av sambandsproblem ikkje har full oversikt over situasjonen.

Elles har ferjene vore innstilte store delar av natta.

– Det er spesielt at så mange ferjer har vore innstilte–men så har jo vêret vore noko spesielt også, seier Stadheim.

Vegtrafikksentralen ber folk ta det med ro på vegane utover morgonen. Det kan liggje hindringar i vegbana rundt mange svingar.

Ved 11:00-tida har Vegtrafikksentralen fått langt betre kontroll over status på vegane:

– Det er betydeleg betre no. Dei fleste riksvegane og fylkesvegane er opne, og alle ferjesambande er i drift, opplyser Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.