– Campingvogna låg midt i vegen ved Loen, og det var knapt mogleg å sjå at det var ei campingvogn. Men heilt uvanleg er det jo ikkje her, seier Ole Anton Brekke.
Han kom på staden og tok bilete av den knuste campingvogna, før ein traktor kom og sopa ho vekk frå vegbana.
Har du sett noko andre burde vite om? Send oss tips og bilete på e-post sf@nrk.no, eller som MMS på 1987 med kodeord SF.
Småbåthavn ligg tynt an
Ekstremvêret «Dagmar» har utover kvelden første juledag teke skikkeleg tak fleire stader i Sogn og Fjordane.
I Nordfjord er det observert ein båt som ligg og driv ute på fjorden, og det ser ut for at småbåthavna i Stryn er i ferd med å gå i oppløysing i kampen med bølgjene.
Her har den ytre piren allereie brotna.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Uvêret herjar heile fylket
Det er elles straumlaust svært mange stader i Sogn og Fjordane, og mange vegar er stengde etter steinras og tre som ligg utover vegbana.
Fleire ferjesamband er dessutan innstilte, og mange av fjellovergangane er stengde.
Ved Kråkenes fyr har vinden vore opp i 53 m/s, og både i Eikefjord og i Florø måtte politiet sperre av sentrum.
- LES OGSÅ:
Politiet oppmodar folk om å halde seg innandørs medan det verste uvêret herjar.