NRK Meny
Normal

Italienarar kjøper seg inn i Vestavind

Det italienske selskapet Falck Renewables kjøper seg inn i vindkraftselskapet Vestavind Kraft.

Okla vindkraftverk

OKLA: Okla er mellom vindprosjekta som italienske Falck Renewawbles no kjøper seg inn i.

Foto: Vestavind Kraft

Dei betalar 60 millionar kroner for 80 prosent av Vestavind Kraft sine vindkraftprosjekt Hennøy og Okla.

Vestavind Kraft vart skipa i 2005 for å utvikle vindkraftprosjekt eigarane SFE Produksjon, Tafjord Kraftproduksjon og Sognekraft, gjennom selskapet Svelgen Kraft Holding.

Ola Lingaas

KAPITAL: Ola Lingaas i Svelgen Kraft Holding seier behovet for kapital gjorde at dei var nøydde til å sjå seg om etter partnarar.

Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

Selskapet har førebels ikkje bygd ut vindkraftparkar, men har siste åra fått konsesjonar i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre: Okla i Selje, Hennøy i Bremanger, Lutelandet i Fjaler og seinast Bremangerlandet.

I tillegg eig selskapet nær halvparten av Haram Kraft i Haram kommune.

To av fem prosjekt inkludert

No er Svelgen Kraft Holding samd med det italienske fornybarselskapet Falck Renewables om sal av 80 % av dei to prosjekta Hennøy og Okla. Prosjekta har ein planlagt installasjon på 70 MW, som kan gi ein årleg produksjon på 230 GWh, eller straum til kring 11.000 husstandar.

Dei andre prosjekta til Vestavind Kraft–Lutelandet, Haram og Bremangerlandet–er ikkje omfatta av salet, og blir overført til Svelgen Kraft Holding.

Gjennomføring av salet avheng av fleire føresetnader, mellom anna godkjenning i styret til Falck Renewables.

Behov for kapital

Styreleiar i Vestavind Kraft og eigarselskapet Svelgen Kraft Holding, Ola Lingaas, har stor tru på prosjekta og potensialet for verdiskaping.

Han peikar på kapitalbehovet som årsak til at dei no sel majoriteten av eigarskapen til to av prosjekta.

– Vindkraftprosjekta våre vil gi ei stor mengde fornybar energi, og potensialet for verdiskaping er betydeleg for både lokale eigarar og lokalsamfunna. Samstundes er det svært kapitalkrevjande å bygge ut kraftproduksjon. Våre eigarar har store vasskraftporteføljar som også krev kapital. Difor sette vi tidlegare i år i gang eit arbeid med å finne partnarar som kunne vere med å realisere prosjekta, seier Lingaas.

Stor industriell partnar

Falck Renewables er notert på børsen i Milano i Italia, og har utvikla ei rekkje prosjekt innan fornybar energi i land som Italia, Spania, Frankrike og Storbritannia.

Dei er ein del av Falck-konsernet–ein stor industriell aktør med ei meir enn 100 år lang historie, og var blant dei første til å produsere elektrisitet i Italia.

– Å kjøpe Vestavind Kraft passar godt inn i vår strategi om å vere ein viktig aktør innan utvikling av fornybar energi i Europa. Vi er spesielt glade for å utvikle prosjekta saman med Svelgen Kraft, og nyte godt av deira erfaring og kunnskap om lokal forhold, seier Toni Volpe, administrerande direktør for Falck Renewables.

Endrar namn

Vestavind Kraft på Sandane skiftar namn til Falck Renewables Vind AS.

Dei tilsette held fram i eit nyoppretta selskap under Svelgen Kraft Holding, Vestavind Energi.

Vestavind Energi skal følgje opp eigarselskapet sin resterande vindkraftportefølje, og i tillegg selje konsulenttenester innan vindkraft.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.