Hopp til innhold

Godt nytt for vidare brannsikring av trehusmiljø

Regjeringa vil vidareføre løftet til brannsikring av nokre av dei mest sårbare kulturminna, som stavkyrkjer og trehusmiljø, også i 2016.

Vikøyri - strandsitjarhus

TREHUS: Sogn og Fjordane har mange trehusmiljø som treng brannsikring. Her frå strandsitjarmiljøet på Vikøyri.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Det tykkjer vi er positivt. Det var veldig bra at det kom slike midlar i fjor, og det er til god nytte for sårbare trehusmiljø og andre verdfulle trehusmiljø, seier dagleg leiar i fylkesavdelinga til Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane, Jon E. Tamnes.

Sogn og Fjordane har nokre av dei eldste og mest besøkte stavkyrkjene i landet. Av 28 stavkyrkjer i Norge, ligg fem av dei i Sogn og Fjordane.

Desse er rimeleg godt sikra mot brann, seier Tamnes.

– Dei har allereie vorte godt prioriterte i tidlegare år, så situasjonen der er bra, seier Tamnes.

Står att mykje sikringsarbeid i trehusmiljøa

I tillegg sit Sogn og Fjordane på mykje trehusmiljø som er sårbare med tanke på brann.

– Her står det att mykje før vi kan vere nøgde med tilstanden. Fire av trehusmiljøa er på ei liste av nasjonal betydning. Det er Lærdalsøyri, Høyanger, Florø og Nordfjordeid, seier Tamnes.

Han peikar på at det i tillegg er mange flotte trehusmiljø som har trong for meir sikring, som til dømes Vikøyri og Solvorn.