Styret i Helse Vest fekk presentert resultata for 2012 på styremøtet i Stavanger i dag.
Styreleiar Oddvar Nilsen i Helse Vest seier det er heilt naudsynt å ha positive resultat for å kunne gi ein million vestlendingar i gode og trygge helsetenester.
– Helse Vest står overfor store investeringsbehov fram mot 2020. Vi skal gi trygge helsetenester, på same tid som vi utviklar verksemda og investerer i bygg, medisinteknisk utstyr, IKT, ambulansekjøretøy med meir. Ein legg altså heile overskotet tilbake i helseføretaka for å sikre nødvendige investeringar og god drift, seier styreleiaren i ei pressemelding.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Kvalitet og god behandling
Helse Vest seier at sjølv om investeringsbehova er store i framtida, skal ikkje det stå i vegen for å halde fokus på kvaliteten på tenestene her og no.
– Helse Vest har gjennom heile 2012 arbeidd med å redusere talet på fristbrot og ventetider til behandling, og å nå målet om 20-dagarsregelen for kreftutgreiing. I tillegg har det mellom anna vore satsa godt på områda rusbehandling og psykisk helsevern.
Tala på fristbrot er redusert i 2012, men målet om berre unntaksvise fristbrot er ikkje fullt ut nådd. Gjennomsnittleg ventetid har vore stabil frå 2011 til 2012, med 71 dagar for behandla pasientar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Høg aktivitet ved sjukehusa
Aktiviteten i sjukehusa blir stadig høgare og i 2012 hadde spesialisthelsetenesta på Vestlandet 1 207 151 konsultasjonar i poliklinikk, døgnopphald og dagopphald innanfor somatikk. Dette er i snitt éin konsultasjon per innbyggjar og ein auke frå 2011. I 2002 utførte sjukehusa til samanlikning 782 434 konsultasjonar.
Eit år med samhandlingsreforma
2012 var året kor samhandlingsreforma trådde i kraft. Helse Vest meiner ein at føretaket er på rett veg.
– Den mest synbare effekten er i første omgang knytt til utskrivingsklare pasientar. Tala frå 2. tertial 2012 viser ei halvering i liggedøgn for utskrivingsklare pasientar, frå 2,8 prosent av døgn i somatiske sjukehus i 2011 til 1,4 prosent i 2012.