Hopp til innhold

Ber folk slutte å forvente at helsevesenet kan hjelpe alle mot alt

Folk må slutte å forvente at helsevesenet kan hjelpe alle og gjere alle friske. Det meiner direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen.

IRM

KRAVSTORE: Folk må slutte å forvente at helsevesenet kan hjelpe alle mot alt, seier direktør for Helse Vest, Herlof Nilssen.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Forventningane folk har til helsevesenet aukar mykje raskare enn det sjukehusa klarar å tilpasse seg, meiner Nilssen og sler fast at folk må innsjå at sjukehusa ikkje kan hjelpa alle med alt til ei kvar tid.

– Det vi ser er at både det medisinsk moglege og forventningane stig mykje brattaren enn det vi er i stand til å kunne tilpasse oss, seier Nilssen.

Direktøren for landets nest største helseføretak er uroa over at folk har blitt stadig meir kravstore. Kvar dag opplev ein at pasientane krev meir og meir frå folk helsevesenet.

– Tøffare prioriteringar

Stadig betre medisinar og behandlingsformer gjer at fleire av oss kan bli friske. Men Nilssen meiner helsebudsjetta ikkje kan vekse i same takt som dei siste åra. Det vil føre til tøffare prioriteringar i framtida. Spørsmålet er kven og kor raskt sjuke skal kunne få behandling.

– Vi er nok komne der og vi ser det til dømes når det ulike typar kreftmedisin. Det er vanskeleg å henge med på denne biten og vårt løp på dette er at vi ser at det vil vere problem å få stadig fullt opp med meir pengar. Forventningane til helsevesenet veks stadig her til lands, og mange likar dårleg tanken på at sjukehusa ikkje nødvendigvis skal kunne gi all mogleg hjelp, seier Nilssen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fugelli

MÅ TÅLE: Professor Per Fuggeli meiner at nordmenn må tåle at det av og til er ventelister i helsetenesta.

Foto: Per Foss / NRK

– Vi må tåle

Direktøren i Helse Vest får også støtte, professor i samfunnsmedisin Per Fugelli, meiner vi er blitt altfor kravstore til helsevesenet.

– Det er trøbbel i dette søkkrike og etterkvart ganske bortskjemte landet Noreg. Vi innbillar oss at vi kan skape himmel på jord. Vi må rett og slett tåle og finne oss i at av og til er det ventelister og av og til kjem vi ikkje til på dagen, meiner Fuggeli.

Både legar og ikkje minst den farmasøytiske industrien har ifylgje professoren skapt altfor høge forventningar ute i befolkninga.

– Av og til er det rett og slett slik i ei samfunnseigd helseteneste som skal fordele ressursar tilfeldig at den einskilde må finne seg i å ikkje å få den aller siste, aller dyraste medisinen i verda i morra. Dette må vi tåle.

Vanskeleg diskusjon

Herlof Nilssen seier det kan bli mange tøffe diskusjonar i helsevesenet i åra som kjem

– Det blir jo ein vanskeleg diskusjon, både knytt opp til prioritering av pasientar, kven skal bli teke først og kven skal stå på botnen av lista. Kva type medisinar kan vi ta inn, kva er dokumenterte resultat. Det er klart at økonomien set avgrensingar, det vil eg vere heilt tydeleg på, sler Helse Vest-direktøren fast.

– Samstundes trur eg at når vi får jobba vidare no med å utvikle tenesten så skal vi klare å løyse kolossalt mykje innanfor dei rammene vi har. Men det er jo ikkje til å leggje skjul på at økonomien set sine avgrensingar.

– Ikkje berekraftig

Berre innan Helse Vest er budsjettet no 21 milliardar kroner. 2011 blir rekna som det beste sjukehusåret nokon gong, stadig fleire får behandling, ventetida har gått ned og kostnadsveksten har vore liten.

Men professor Per Fugelli meiner også at helsevesenet sjølve har mykje av skulda for det mange kallar ei forventningskrise.

– Det er jo på mange måtar legene, medisinen, den farmasøytiske industrien og helsetenesta sjølv som kanskje har marknadsført seg litt for sterkt. Sagt «kom til oss så skal vi verne dykk mot all fare».

Men stadig fleire blir eldre og treng hjelp, Herlof Nilssen seier at om utviklinga held fram som i dag vil ein av tre ungdomskueleelevar i framtida måtte gå inn i helsetenesta på ulike nivå.

– Det er ikkje bærekraftig. Det norske samfunnet kan på mange måtar ikkje leve med at at kvar tredje skal jobbe i helsevesenet, og resten skal produsere det som vi skal leve av, konkluderer Nilssen.