Hopp til innhold

– Ingen ruspost utan meir pengar

– Rusposten på Nordfjordeid kan ikkje opnast dersom det ikkje kjem meir pengar, seier styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg.

Ny ruspost står ubrukt

TOM: Ein ny ruspost på Nordfjordeid står framleis tom.

Foto: Nyhetsspiller

Clara Øberg

TRENG MEIR PENGAR: Styreleira i Helse Førde, Clara Øberg, seier dei ikkje har nok pengar til rusposten.

Foto: Bård Siem / NRK

I går vedtok Helse Vest at dei berre vil gje Helse Førde ein tredel av dei 90 millionane dei kravde til drift av sjukehusa og rusposten. Dette betyr at den topp moderne rusposten til over 20 millionar kroner framleis vil stå tom.

– Dersom det ikkje kjem pengar som blir spesielt tenkt til rusposten på Nordfjordeid, så gir ikkje ramma som vi har fått no, moglegheit til det, seier Øberg.

– Er det ikkje skammeleg at dei som slit med rus ikkje får hjelp?

– Eg skulle gjerne gitt eit betre tilbod til personar med rusproblem, men vi må ha økonomiane på plass.

Får 30 millionar

Helseføretaket i Sogn og Fjordane seier dei har fått ein meirkostnad på 90 millionar kroner fordi dei ikkje får lov å kutta så mykje som dei vil.

Det har berre gått ei knapp veke sidan styret i Helse Førde kravde at Helse Vest skulle betala for alle meirutgiftene helseføretaket får på grunn av regjeringa sitt vedtak tidlegare i år. Der stoppa helseministeren fleire av kutta som Helse Førde ville gjennomføra ved sjukehusa i fylket.

Oddvard Nilsen

STYRELEIAREN: Oddvar Nilsen og Helse Vest-styret vil gi 30 millionar til Helse Førde.

Foto: Helse Vest

Men Helse Vest meiner prislappen berre er på 60 millionar. Og av dei 60 millionane vil dei berre dekkje halvparten, fortel styreleiar Oddvar Nilsen i Helse Vest.

– Årsaka til skilnaden er at Helse Førde har innarbeidd finanskostnader i forslaget sitt Det er kostnader som alle helseføretak har og det er ikkje rimeleg at vi skal dekke dette.

Får gå i minus

I tillegg til ei ekstraløyving på 30 millionar kroner for neste år, får helseføretaket også for 2012 lov til å gå med 40 millionar kroner i minus. Dessutan skal Helse Vest finna ut om Helse Førde får for lite pengar i forhold til sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane. Konklusjonen skal vere klar før 2013.

– Vi skal gjere eit skikkeleg arbeid på det og komme fram til ein modell som fangar opp eventuelle endringar, seier han.