Hopp til innhold

Bystyret går inn for kjøp av Florø sjukehus

Bystyret i Flora har gått inn for kjøpt av Florø sjukehus. Men under visse føresetnader.

Florø sjukehus

VIL KJØPE: Bystyret i Flora har vedteke at dei ønskjer å kjøpe sjukehuset.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Bystyret har lagt dei beste premissane for eit kjøpt av sjukehustomta og det bygget som følgjer med. Det ligg nokon føresetnader om spesialisthelsetenester i forhold til statsrådens vedtak i føretaksmøtet, men det har vi den største tillit til at Helse Førde oppfyller, seier ordførar i Flora, Bengt Solheim-Olsen.

Han legg til at politikarane i Flora opplever Helse Førde som positive til å styrkje spesialisthelsetilbodet i Florø i framtida.

– Det ligg jo at det skal vere spesialisthelsetilbod i Florø, mellom anna kirurgisk. Det har vi stor tru på at vil komme på plass, seier Solheim-Olsen.

Frp fekk forsikringar i august

I august var leiinga i Sogn og Fjordane Framstegsparti i møte med Helse Vest for å få forsikra seg om at spesialisthelsetenestene er tenkt ei framtid i Florø etter at det var knytt stor uvisse til framtida for nærsjukehuset.

– Helse Vest er veldig tydeleg på at Florø sjukehus på eitt eller anna tidspunkt må kome inn som ein del av det totale behandlingstilbodet i Sogn og Fjordane, sa fylkesleiar Frank Willy Djuvik etter møtet i august.

– Helse Vest har lagt opp til at på føretaksmøtet i januar skal det bli gjort ein del vedtak rundt dette. Då skal det bli konkretisert korleis spesialisthelsetenesta i Florø skal sjå ut i framtida, sa Djuvik etter møtet i august.

Vi har overtaking i 2014

Bystyret vedtok at kommunen ikkje er villige til å betale meir enn 5 millionar kroner for bygget.

– Bystyret har også vedteke at overtakingstidspunktet bør vere 1.1.2014. Det er for at vi skal få ei moglegheit til å fylle opp bygget med leigetakarar, få ein gjennomgang på kva vi ønskjer å bruke tomta og bygget til, slik at dette ikkje blir ei utgift på drifta til kommunen for framtida, seier Solheim-Olsen.

Han meiner det er viktig for kommunen å sikre seg ein bygning av slik historisk verdi. Difor skal også florøværingane sjølve få vere med på å bestemme kva bygget skal innehalde.

– Vi vil invitere alle florøværingar til å bli med på ein stor idémyldringsdugnad om kva ein skal bruke denne viktige tomta til, seier Solheim-Olsen.

Har god tid

Det er heller ikkje sagt noko konkret om at eit spesialisthelsetilbod i Florø skal ha tilhald i det gamle sjukehusbygget.

– Det står ingenting om at Helse Førde må drive framtidas helsetilbod i akkurat det bygget. Når kommunen no går inn og kjøper det, så er det vårt bygg, og då kan vi eventuelt tilby dei lokale i ein anbodsprosess, eller vi kan velje å nytte bygget til noko anna, seier Solheim-Olsen.

– Vi har ikkje overhovudet nokon konklusjon på nøyaktig kva som skal inn i bygget. Men ved å bestemme overtaking såpass langt fram i tid, gir det oss god tid til å finne løysingar, slik at dette ikkje skal bli ein utgiftspost på driftsbudsjettet, seier Solheim-Olsen.

Diskuterte i tre timar

Bystyret brukte tre timar på å komme fram til avgjerda.

– Engasjementet var stort, og det er jo bra, seier Solheim-Olsen.

Vedtaket vart fatta med 19 røyster frå Venstre, Høgre og KrF.
Arbeidarpartiet hadde sitt eige framlegg.

Det hadde også Høgre innleiingsvis, men dei forkasta dette då det nye kom på bordet.
Dei fire representantane frå Sp, SV og Frp (2) røysta i mot.

NRK har ikkje klart å komme i kontakt med korkje administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, eller viseadministrerande direktør, Vidar Vie, for kommentar.