Det er til no knapt meldt om rovdyrskadar, og fjellbeite har vore svært godt.
Leiar i Sogn og Fjordane Sau og Geit, Ragnhild Sæle, seier det betyr mykje for bøndene å få heim nesten alle dyra dei har sendt på beite.
– Eg trur det var eit vere eller ikkje-vere for sauehaldet, spesielt i Lærdal og Årdal-området. Med dei store tapa dei hadde i fjor, så er det ikkje nokon som orkar å drive med småfe.
– Mange har fått heim alle dyra
Fristen for å søke erstatning for sau teke av rovdyr går ut 1. november. Inntrykket sauebøndene har er at jerv og ulv i år knapt har fått forsyne seg.
I staden opplever sauebøndene at dei har fått heim nesten alle dyra, og at slaktevektene er betre enn på mange år. Arve Dahl, leiar i Eid Sau og Geit, har drive med sau i 50 år og seier han aldri har opplevd ein så bra sommar.
USEDVANLEG GOD: Slik skildrar Arve Dahl (70) årets beitesesong i Eid. På sine 50 år som sauebonde har han ikkje opplevd liknande.
Foto: Privat– Det er veldig mange som har fått heim alle dyra sine, noko som skjer svært sjeldan, seier han.
Det har blitt observert ulv i kommunen, men denne har slik det førebels ser ut ikkje gjort mykje skade.
- Les også:
– Noko av det beste vi har hatt
Også Kåre Rudningen i Lærdal Sau og Geit, kan melde om ein svært god sesong.
– Det er kjempegod kvalitet på dyra og vi har fått heim nesten alle saman.
Spesielt det siste gler sauebøndene seg over. I Lærdal og Årdal var fjorårssommaren eit mareritt då 600 dyr gjekk tapt til jerv.
Heilt nødvendig om sauebøndene skal halde fram, seier Rudningen.
– Det er ingen som ser meining i å produsere mat til rovdyra. I år trur eg vi får ein tapsprosent på under tre prosent, og det er noko av det beste vi har hatt.
der Rudningen seier ein jerv har teke mellom 10 og 15 dyr, eit tal han meiner ein kan tredoble for å få det reelle tapstalet.
- Les også:
– Må halde trykket oppe
Trass den gode sesongen vil ikkje fylkesleiar Ragnhild Sæle seie seg nøgd.
– Hadde det halde fram som i fjor, trur eg mange hadde gitt opp. Samtidig kan vi ikkje kvile på laurbæra og seie at vi er der vi vil, for rovdyra dukkar opp att heile tida.
Ho har no klare forventningar til at det blir teke lærdom av dei dramatiske forbetringane frå i fjor til i år.
– Eg ventar at vi som eit beiteprioritert område som ikkje skal ha rovdyr, at det her blir sett inn eit større trykk for å få tatt dei ut.