Hopp til innhold

Fem lam drepne av jerv

Det er funne fem lammekadaver i fjellområda mellom Aurland og Lærdal. Statens naturoppsyn har slege fast at det er jerv som har teke lamma.

Lam teke av jerv

NAKKEBIT: Jerven avlivar byttedyra sine ved å bite dei over nakken.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen

Nokre av lamma vart funne av turgåarar, andre av tilsyn, seier Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn. Det er tre saueeigarar i Lærdal som eig lamma. Ein av dei er Magne Eri.

– Det er klart at dette likar vi lite, men på denne tida er det umogeleg å ta jerven, det må gjerast på vintern, på sporsnø og med helikopter, seier Eri.

400 sauer på 20.000 mål

Han har i alt 400 sauer gåande i fjellområda mellom Aurland og Lærdal. Dei tre lamma som er tekne frå hans buskap vart funne ved Breisete, rundt to timars gange frå fjellvegen mellom Erdal og Aurland.

Han skal ta seg ein tur til fjells torsdag og håpar at han ikkje finn fleire kadaver. Men det endelege svaret får han nok ikkje før sauene er henta heim.

Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn

- SPOR ETTER JERV: Rein Arne Golf i SNO.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Sauene mine går på eit område på 20.000 mål, så det seier seg sjølv at det ikkje er lett å få oversyn. Men eg er redd for at jerven kan ha teke fleire dyr.

Truleg ei einsleg tispe

Dei to andre lamma er funne lenger sør, det eine ved Vaset i Borgund.

Rein Arne Golf seier at det vart registrert ein jerv i fjellet mellom Aurland og Lærdal i vinter, så det er nærliggande å tru at det er same dyret som no har forsynt seg av saueflokken. Han seier at det er sett spor av jerv på snøen i området.

– Vi har ikkje registreringar på at det er ungar, så mest truleg er det ei tispe som er åleine der.

Breisete

Mellom Årdal og Lærdal, der det var store tap i fjor, har det ikkje vore rapportert om sauer som er tekne av jerv enno, seier Golf.