– Det er heilt fantastisk, lamma har flott slaktevekt, og vi er under normaltap, seier ein av dei, Ole Bjarne Hovland.
Han sende 420 dyr til fjells i sommar, i første sankinga fekk han nedatt 365.
– Eg manglar 15 søyer og 40 lam, men eg har bra kontroll på kvar dei er, så eg trur eg får dei heim komande helg. Eg reknar med at det til slutt endar med eit tap på nokre få søyer og rundt ti lam, og det er i så fall mindre enn i eit normalår. I fjor miste eg 61 lam.
Den andre saueeigaren på Hovland-sida, Harry Rune Tørnes, manglar berre ei søye og eitt lam, og ifylgje Hovland ligg han an til å få att 100 prosent. Det står i skarp kontrast til fjoråret, då han miste 50 prosent av lamma sine.
Miste 60 prosent av lamma i fjor
Verst gjekk det i fjor ut over saueflokken til Siri Benjaminsen og Per Bjørkum på Natvik gard. Dei miste 149 lam, det var 60 prosent av lamma dei sende til fjells.
– I år ser det mykje betre ut, seier Siri Benjaminsen.
Ho har fått heim 116 av 146 søyer, men har ikkje fullt oversyn over talet på lam enno.
– Vi manglar 30 søyer, vi skal på sanking att i helga, så fullt oversyn får vi ikkje før då. Men vi har ikkje funne sauekadaver etter jervedrap i fjellet i år. Det einaste vi har fått påvist er eit lam som kan vere teke av ørn.
Snittvekt på 50 kilo
Ole Bjarne Hovland synest det er kjekt å kunne fortelje om noko anna enn drepne lam og jerveherjing.
– Vi er kjempenøgde med sesongen i år, det såg litt stygt ut i starten med mykje snø, så vi hadde sauene nede så lenge det var beite der. Men dei 230 lamma eg har fått heim har ei snittvekt på 50 kilo, det er snakk om rekordvekter.
– Har det ikkje vore jerv og herja i saueflokken i det heile i sommar?
– Nei, det har det ikkje vore i mitt beiteområde. Så vi er veldig godt nøgde her i Naddvik no.
– Hadde du rekna med det etter den sommaren de hadde i fjor?
– Vi håpa jo, og det vart teke ut ein del jerv både i vårt område og i Oppland, det var ei god lisensjakt, men vi visste at det var att jerv i området. Det har dei fått merka i Lærdal, men hjå oss har vi ikkje hatt jerv i sommar.