Gloppar blei årets bondelagskokk

Kokken Bodil Fjellestad frå Gloppen har i dag blitt utnemnt til Bondelagskokken i Norge. Pristildelinga fann stad under matmessa Grüne Woche i Berlin fredag føremiddag.

Nils T. Bjørke, Bodil Fjellestad Eikrem og Trygve Slagsvold Vedum

FEKK PRIS: Bondelagsleiar Nils T. Bjørke delte ut prisen til kokken Bodil Fjellestad under Grüne Woche i Berlin. Landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum var også til stades under utdelinga.

Foto: Ragna Kronstad/Norges Bondelag

– Dette er ei stor oppleving. Det var ekstra stas å få utdelt prisen her i Berlin, seier ho til NRK.no.

Den 31 år gamle kokken frå Sandane jobbar som kjøkkensjef ved Gloppen Hotell. Ho er svært oppteken av lokale matvarer og har markert seg på dette området. I 2010 fekk ho Ganefartsprisen for arbeidet sitt ved hotellet.

Under utdelinga i dag, fekk ho eit stipend på 100 000 kroner.

Vil lage kokebok

Stipendpengane skal ho mellom anna bruke til å lage ei kokebok.

– Eg har lenge hatt lyst til å lage ei eiga kokebok med masse gode tradisjonsrike oppskrifter, med ein egen personleg vri. Dette kjem eg til å jobbe hardt med det neste året, seier ho.

Samarbeid med bønder

No gler ho seg veldig til å samarbeide endå meir med bøndene og landbruket. For samarbeid med bøndene er ein viktig del av kvardagen hennar.

– Utan deira positive innstilling hadde eg aldri komme så langt som eg har i dag, seier den glade stipendvinnaren.

– Kva betyr det å vere Bondelagskokken i Norge?

– Oppgåva mi blir å profilere meg og Gloppen hotell slik vi har gjort. Det å bruke bøndene og råvarene deira.

Einstemmig jury

Denne runden var det mange som søkte om å bli Norges Bondelags nye bondelagskokk. Juryen fekk 28 søknader, noko som er det dobbelte av sist søkjerunde for to år sidan.

Avgjerda om at Bodil Fjellestad Eikrem skulle få prispengane, var einstemmig.

– Bodil er ein svært god ambassadør for norske bønder og norske produkt. Vi vil at stipendet skal bidra til å forsterke og utvikle den norske matkulturen gjennom matglede og mathistorie, frå bonde via kokk til forbrukar, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.