Hopp til innhold

Matsiger til Gloppen-kokk

Bodil Fjellestad frå Gloppen var med på vinnarlaget i Det Norske Måltid.

Bodil Fjellestad

MATSIGER: Bodil Fjellestad var med på vinnarlaget i finalen av Det Norske Måltid i helga.

Foto: Oscar Andersen / Debra Foto

– Det var utruleg kjekt å vere med. Det er nesten trist at det er over, seier Bodil Fjellestad.

Ho var i helga med på vinnarlaget under finalen av Tv2-serien Det Norske Måltid. I konkurransen skal det lagast lokal mat på norske råvarer.

Lokal mat

Fjellestad jobbar til vanleg som kjøkkensjef på Gloppen Hotell og som dagleg leiar i Fjordamat.

– Dette betyr veldig mykje for meg. Det har vore ei oppleving, vi får masse PR og det har gitt masse merksemd både til hotellet og Fjordameny, seier ho.

I konkurransen var fem lag med, eitt frå kvar region i landet. Fjellestad var Sogn og Fjordane sin representant på laget Vestpå. Frå Hordaland var Simon Nesse Økland, og Morten Sjøvik var med frå Rogaland.

– Måtte skru av

– Sigeren var veldig overraskande, og det er veldig kjekt, seier ei nøgd Fjellestad.

Vinnarmenyen besto av salmalaks, svinekjøtt frå Prima Jæren og blautkake med bringebær frå Gloppen.

Etter finalen vart det mykje oppstyr rundt glopparen.

– Det vart nesten for mykje. Til slutt måtte eg berre skru av telefonen ei stund, seier ho.

Det Norske Måltid starta som eit prosjekt på initiativ frå Næringsforeningen i Stavangerregionen i 2008. Målet var å synleggjere norske råvarer og lokal mat.