Føraren vart møtt av ein kvit vegg av snø

Riksveg 5 mellom Førde og Sogndal var ein periode stengd nær Kleiva i Kjøsnesfjorden i Jølster.

Vogntog av vegen i Jølster

UHELL: Eit vogntog har hamna utanfor vegen på riksveg 5 gjennom Kjøsnesfjorden.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kraftig snøfokk gjorde at føraren av eit vogntog mista sikta og køyrde rett av vegen på stigninga opp mot Fjærlandstunnelen.

– Det har vore eit trafikkuhell med eit vogntog som har køyrt av vegen, og det ligg også ein del snø i vegen, seier Morten Hansen hos Vegtrafikksentralen i Bergen.

Både politiet og Vegvesenet melde først at det var eit snøras som dekka heile vegbana, men då ein entreprenør og brannvesenet kom fram, synte det seg at det ikkje var tilfelle.

Det er tale om eit vogntog som har hatt eit uhell, og samstundes skal sterk vind ha ført til at det ligg ein god del snø i vegbana.

Sjåføren i vogntoget er ikkje skadr, og vegen er no opna for manuell dirigering.

– Det tok litt tid før vi skjønte kva det var som hadde skjedd, men no er alle naudetatar på staden, og vi føler at vi har kontroll over situasjonen, seier Arve Samsonsen i politiet.

– Tilnærma blank is på vegen

Kjell Bolsø

GLATT: Kjell Bolsø i politiet seier at er svært glatt på riksveg 5.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Innsatsleiar for politiet, Kjell Bolsø, seier at det er svært glatt i vegen der ulukka har skjedd. Føraren har forklart at han plutseleg vart møtt av ein kvit vegg av snø.

Om det er vind eller snøskred som er årsaka er ukjent, men politiet observerte sjølv fleire snøskred medan dei venta på bilbergar.

– Det er tilnærma blank is på vegen. Sjåføren har møtt ein vegg av kvit snø, og når det er så glatt, så har det som har skjedd vore ein naturleg reaksjon, seier Bolsø.

Han fortel vidare at politiet jobbar med å få nokon til å strø sand på vegen, for å gjere det lettare å køyre vekk vogntoget.